Utdanning
08.09.2017
Kva slags spor skal framtidsskulen utvikla seg langs? Dette aktuelle spørsmålet har prega skuledebatten det siste året.
I ein 30-årsperiode har trua på «testskulen» vore rådande med sentrale stikkord som grunnleggjande ferdigheiter, nasjonale prøvar, sterke rop om meir IKT og med eit PISA-regime som overskyggjande ris bak spegelen for å nemna nokre grunndrag. Mykje tyder på at dette har representert eit blindspor. Den grovmaska analysen syner at nasjonale og internasjonale testresultat endrar seg lite, framleis kjenner mange på at dei er på etterskot i digitaliseringa, vonde mobbehistorier bryt seg jamt til overflata, mange elevar slit med psykiske vanskar og droppar ut or skuleløpet, og lærarar opplever energitapping gjennom dokumentasjonskrav og uønskt elevåtferd samstundes som det reelle handlingsrommet deira snevrar seg inn. Kva bør så vera den nye vegen?
Enkelt sagt, den som fører til oppfylling av skulen sitt samfunnsmandat om å gjera elevane til gagns menneske i heim og samfunn. No kan det med rette hevdast at fleire vegar fører dit. I det følgjande vil eg dela tankar om det eg meiner er kjernepun
Gå til medietEnkelt sagt, den som fører til oppfylling av skulen sitt samfunnsmandat om å gjera elevane til gagns menneske i heim og samfunn. No kan det med rette hevdast at fleire vegar fører dit. I det følgjande vil eg dela tankar om det eg meiner er kjernepun


































































































