- Vi har som mål å sikre alle barn eit godt barnehagetilbod. Alle som jobbar i barnehagane, må ha nødvendig og oppdatert kunnskap for å gi barna god oppfølging, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Strategien har tiltak retta mot alle grupper tilsette i barnehagen. Strategien har som mål å bidra til at det blir fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen, og at det blir fleire barnehagelærarar med utdanning på masternivå.
- Du lovar fleire barnehagelærarar med mastergrad. Kvifor det?
- Vi vil ikkje innføre eit krav om at alle barnehagelærarar skal ha ein mastergrad, men eg meiner at barnehagelærarar som har masterutdanning - og dermed eit fagfelt dei har fordjupa seg i - kan tilføre barnehagane verdifull kompetanse. Derfor satsar vi på å utdanne fleire med mastergrad, seier statsråden.
Meiner partane bør gjere noko


































































































