Utdanning
25.08.2017
Eitt år etter at barnehagelova vart endra og gav fylkesmennene rett til å ha tilsyn i einskildbarnehagar, kjenner Utdanningsdirektoratet til at eitt slikt tilsyn er utført.
Rådgjevar Åse-Berit Hoffart i Foreldreutvalet for barnehagar er langt frå overtydd om at dette tyder at det ikkje er behov for at fylkesmennene gjer fleire tilsyn.
- Eg spør meg om grunnen til at det berre er opna eitt tilsyn frå fylkesmannsembetet, er at lova ikkje er godt nok kjent. Generelt er manglande kjennskap til lovverket ein gjengangar når vi gir råd i barnehagespørsmål, seier Hoffart.
Lovendringa i barnehagelova kom 1. august 2016. Den gav fylkesmannen rett til å opne tilsyn ved «særskilde tilfelle», som det heiter i lovteksten.
Fram til da var det berre kommunane som kunne ha tilsyn i einskildbarnehagar.
Gå til mediet- Eg spør meg om grunnen til at det berre er opna eitt tilsyn frå fylkesmannsembetet, er at lova ikkje er godt nok kjent. Generelt er manglande kjennskap til lovverket ein gjengangar når vi gir råd i barnehagespørsmål, seier Hoffart.