AddToAny

Skriving i norskfaget: Kor viktig er trua på å få det til?

Når Utdanningsdirektoratet skal fornye læreplanen i norsk, trengst det eit større medvit om kor avgjerande det er at elevane har tru på at dei kan lukkast med det dei held på med, samt korleis ein i skulen kan fremje denne trua på å få det til.
Utdanningsnytt på Facebook!

Kanskje det òg trengst ei større forståing av at skriving kan opplevast både som vanskeleg og noko personleg, som ein er redd for å ikkje lukkast med.

Det finst ingen enkel formel for å skrive godt, for skriving er meir som ei likning med fleire ukjende faktorar. Kva rolle det individuelle og sjølvet har i skrivinga, har ikkje forskinga greidd å gje eit eintydig svar på, anna enn at det er ein viktig faktor.

I artikkelen Writing through College: Self-efficacy and Instruction seier Ellen Lavelle at å gje elevar skriveoppgåver er den ideelle akademiske aktiviteten, men ho undrast på om det kanskje ikkje òg er den vanskelegaste.

For det første er skriving svært krevjande for korttidsminnet, fordi ein skal ta omsyn til så mange ting på same tid i prosessen. Det er ikkje berre temaet og intensjonen med teksten ein må tenkje på, men òg korleis dette skal presenterast, i tillegg til leksikalske og grammatiske krav.

"Det å ha tru på at ein kan lukkast, er heilt avgjerande for både læring og skriveferdigheiter."

Den andre faktoren som Lavelle peikar på som avgjerande for skrivinga, er kva skrivaren trur om si eiga skriving. Det å ha tru på at ein kan lukkast, er heilt avgjerande for både læring og skriveferdigheiter. Trua på å lukkast har vist seg å påverke kva mål ein set seg og kor forplikta ein er på måla; kva oppgåver og aktivitetar ein vel, og korleis ein tolkar tilbakemelding.1)

Lavelle seier at det er viktig å innsjå at skriving er vanskeleg, og at elevane ikkje har med seg den ideelle skrivebakgrunnen når dei begynner på høgskule.2)

Lavelle peikar vidare på at det er ein veksel-verknad mellom å ha tru på å lukkast og kompetanse. På same måte som kjensla av å ha fått til noko fremjar trua på å få det til, vil trua på å få det til føre til at ein oppnår noko. Det å ha tru på å lukkast gjer at ein er uthaldande, sjølv når det ser mørkt ut, og ved å halde ut vil ein oppnå å lukkast.

Lavelle viser at forfattarar òg opplever motstand i skriveprosessen. Mange kan fortelje om korleis dei sat i timevis, skreiv sjølv om det var umogeleg, og på den måten kom vidare.3)

Ifølgje Ludvigsen-utvalet sin rapport om skulen i framtida, er det tilrådd at sosial og emosjonell kompetanse skal stå sentralt i alle kompetanseområda. Sosiale og emosjonelle kompetansar er definert som personers holdninger, oppførsel, emosjoner og sosiale ferdigheter og relasjoner.4)

Det vert sagt at sosiale og emosjonelle kompetansar tidlegare vart sett på som stabile trekk, men at desse kan utviklast og lærast, og dei har noko å seie for fagleg læring. Det ser ut som sjølvregulering er eit sentralt omgrep her, og ut frå ei psykologisk forståing vert det definert som evne til å handtere og ta kontroll over sine eigne handlingar, kjensler og tenking.5)

Å kunne lære er eit av dei fire fagovergripande kompetanseområda som utvalet foreslår. Under deloverskrifta Metakognisjon og selvregulert læring står det mellom anna dette om motivasjon og forventingar hjå elevane:

Elevenes utholdenhet, forventninger til egen mestring og å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere egne læringsprosesser står sentralt. Læring krever utholdenhet, for eksempel når læringsprosesser tar tid, oppleves som kjedelige, eller når oppgavene eller lærestoffet er utfordrende. Å lære strategier for å komme videre når noe er vanskelig, er en del av å utvikle utholdenhet.

Elevenes motivasjon for å lære, vilje til å nå mål og opplevelse av autonomi og relevans vil også påvirke elevenes læring. I tillegg har elevenes forventninger om egen mestring betydning for motivasjon, innsats, utholdenhet og hvilke mål de setter seg, og er derfor relatert til kompetanse i å lære.

Ele

Les mer

Flere saker fra Utdanning

Våren er endelig kommet, og tusenvis av unge har søkt på videregående og høyere utdanning. Det har fått meg til å reflektere over karakterenes enorme innflytelse i skolesystemet.
Utdanning 29.05.2026
AFGHANISTAN: Etter at den islamistiske Taliban-bevegelsen på nytt tok makten i landet i 2021, har jenter i praksis måttet slutte skolen etter 6. klasse.
Utdanning 29.05.2026
Rødt presset kunnskapsministeren på hva hun vil gjøre for å bedre ytringsklimaet for lærere.
Utdanning 29.05.2026
Problemet er ikke at barn ikke kan matematikk, men at vi voksne ikke alltid ser den.
Utdanning 29.05.2026
Mange lærere føler de ikke kan uttale seg fritt. Resultatet blir et smalere ytringsrom, et stillere profesjonsfellesskap og færre lærerstemmer i den offentlige debatten.
Utdanning 29.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt