Utdanning
25.08.2017
- Eg kjem frå Sotra. Da må eg ha nynorsk som hovudmål. Men eg forstod ikkje det da eg gjekk i åttande klasse og valde bokmål på ungdomsskulen, seier Isabell Berge.
Nå har ho gått tilbake til å ha nynorsk som skolemål, slik ho hadde på barneskolen. Ho går i tiande klasse ved Fjell ungdomsskule i Fjell kommune på Sotra i Hordaland. Fjell er nynorskkommune. Men i dei seks tiandeklassane ved Fjell ungdomsskule har berre 21 elevar nynorsk som hovudmål.
Utdanning sin journalist har reist frå Bergen sentrum med buss, over Sotrabrua. Det tok ein liten halvtime å kome frå storbyen og til Fjell.
78 prosent av skuleelevane her hadde nynorsk som hovudmål i 1990. Nå har 36 prosent av grunnskuleelvane nynorsk. Mange går over til bokmål når dei begynner på ungdomsskulen.
Strilar
Men ikkje Isabell, eller klassekameratane hennar Jacob Lie Frantzen og Kaia Skorgen, som Utdanning møter på Fjell ungdomsskule.
Dei kallar seg strilar, og dei vil tale som strilar. - Så mykje stril som mogeleg, seier Jacob. Difor vil dei ha opplæring på nynorsk. «Stril, person som hører til bonde- og fiskerbefolkningen på Strilelandet omkring Bergen, især på øyene (havstril). Stril har vært brukt av bergenserne som økenavn», står det i Store Norske Leksikon.
Men da Sotrabrua sto ferdig i 1973, kom Bergen til Fjell. Store delar av kommunen er i dag vel så mykje ein forstad til Bergen som det er gammalt strileland. Ikkje minst tilflytting er årsak til det.
- Eg brukar alle dei orda som kjem inn. Eg kastar meg på trendar og motar så fort eg kan. Og eg synes det er vittig når Jacob brukar snåle strileuttrykk som eg ikkje forstår, seier Mats Bogstad. Han sit i elevrådet og går i bokmålsklasse.
Sterkt bokmålspress
Fjell kommune har sett i gong eit eige prosjekt ved dei tre ungdomsskulane i
Gå til medietUtdanning sin journalist har reist frå Bergen sentrum med buss, over Sotrabrua. Det tok ein liten halvtime å kome frå storbyen og til Fjell.