Og ein rikspolitikar sa under ein politikardebatt på Lillehammer: For oss blir elevar tal og statistikk, det må de ta innover dykk.
Læraren derimot, som er i dagleg møte med desse elevane, må som fotballtrenaren sjå på dei som menneske, menneske som er unike og ulike og som skal samhandle som elevar.
Når eg høyrer politikarar og forskarar fortelje oss at det ikkje speler nokon rolle kor mange elevar ein lærar underviser så lenge det er pedagogisk forsvarleg, så skjønar eg at vi framleis ikkje er på same klode. Det blir til og med sagt at det er det same kor mange som lyttar, berre læraren har førebudd seg godt nok. I teorien er dette riktig. Eg har sjølv halde foredrag for fleire hundre studentar på ein høgskule, der alle sat i eit amfisystem utan namn og utan synlege problem, altså ikkje unike og ikkje ulike. Nokre sat på internett, andre las avisa, nokon småprata saman, mange kom og gjekk og eg snakka om mitt. I ein slik setting har politikaren, og også forskaren rett; talet på studentar er uinteressant. Men i pausen tok fleire av studentane kontakt, i grunnen overraskande mange, og då vart det brått menneske som stod der, menneske med ulike namn og unik historie. Då kom læraren i fo


































































































