Utdanning
15.06.2017
Ei arbeidsgruppe nedsett av Kunnskapsdepartementet foreslår å korte ned eksamensperioden til fem dagar - " slik at elevane får ei veke meir med undervisning. Gruppa vil ikkje ha eksamen før 17. mai. Utdanningsnytt på Facebook!
Onsdag fekk kunnskapsministeren ein rapport frå arbeidsgruppa som har vurdert mogelege organiseringar av skoleåret i vidaregåande opplæring. Arbeidsgruppa har mellom anna sett på undervisningstid, eksamen og eksamensførebuingar.
Les merElevar og lærarar støttar forslaga
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier forslaget er interesssant, men han vil bruke litt meir tid til å sette seg inn i rapporten og anbefalingane før departementet konkluderer.
Utdanningsdirektør Anne Hjermann frå Fylkesmannen i Hordaland har leia arbeidsgruppa.
- " Vi har sett oss grundig inn i problemstillingane knytt til eksamen, russetid og opplæringa til elevane. Heile arbeidsgruppa står samla om at ein bør finne løysinga


































































































