Utdanning
06.06.2017
Sjette- og sjuandeklassingane mine har akkurat avslutta årets «Mattemaraton», der elevane digitalt har løyst så mange matematikkoppgåver som dei har orka i løpet av mai månad.
Elevane våre har til saman løyst 25.000 rekneoppgåver under mottoet «Vi skal klara dette saman». Tal frå nasjonalt hald viser at konkurransen i år allereie har passert 18 millionar oppgåver, mot 12 millionar i fjor. Det heile starta enkelt, men etter kvart vart det fascinerande å sjå kor engasjert elevane samarbeida og kor mykje matematikk dei snakka seg imellom også i friminutta for slik å kunna hjelpa kvarandre vidare fram i maratonen.
Elevar som før ikkje hadde høyrt så mykje om likningar med ukjent X, løyser no dette raskt og effektivt takka vera dette gratis digitale øvingsprogrammet som gjev elevane matematisk mengdetrening på ein ny, effektiv og engasjerande måte. Her får dei trent, repetert og testa seg i ulike matematiske omgrep, talforståing, reknedugleikar og løysingsstrategiar. Det er imponerande kor mange oppgåver elevane har klart å løysa i løpet av ein dag, både på skulen og heime. Dette hadde dei aldri fått til med berre blyant og papir. Mattemaraton har gjort elevane gode til å nytta kvarandre som ressursar.
Mattemaraton, som er i regi av Kikora Norge, er eitt av fleire døme på at teknologi i skulen engasjerer barn og ungdom. Stadig fleire område vert digitaliserte og forbetra med ny teknologi. Dette inkluderer korleis teknologi i utdanning kan brukast t
Gå til medietElevar som før ikkje hadde høyrt så mykje om likningar med ukjent X, løyser no dette raskt og effektivt takka vera dette gratis digitale øvingsprogrammet som gjev elevane matematisk mengdetrening på ein ny, effektiv og engasjerande måte. Her får dei trent, repetert og testa seg i ulike matematiske omgrep, talforståing, reknedugleikar og løysingsstrategiar. Det er imponerande kor mange oppgåver elevane har klart å løysa i løpet av ein dag, både på skulen og heime. Dette hadde dei aldri fått til med berre blyant og papir. Mattemaraton har gjort elevane gode til å nytta kvarandre som ressursar.
Mattemaraton, som er i regi av Kikora Norge, er eitt av fleire døme på at teknologi i skulen engasjerer barn og ungdom. Stadig fleire område vert digitaliserte og forbetra med ny teknologi. Dette inkluderer korleis teknologi i utdanning kan brukast t


































































































