Uniforum
22.08.2023
- Me må ha fagmiljø som kan utvikla ny kompetanse innanfor strålevern, atomtryggleik, atomberedskap og radioaktiv forureining. Det understreka statsråd Sandra Borch før ho klipte over snora og erklærte Norsk nukleært forskingssenter for opna.
Toppforskarar og toppleiingar frå både Universitetet i Oslo, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Institutt for energiteknikk var samla då samarbeidsprosjektet Norsk nukleært forskingssenter i Fysikkbygningen blei bore til dåpen av forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch i formiddag.
Les merI mars løyvde regjeringa gjennom Noregs forskingsråd 200 millionar kroner til dette senteret i åra fram til og med 2031, samtidig som det oppretta 20 nye studieplassar i kjernefysikk og nukleærteknologi på UiO frå og med dette haustsemesteret i. I løpet av dei komande fem åra vil senteret få til saman 100 studentar. Samtidig løyvde regjeringa også pengar til 20 liknande femårige studieplassar ved NMBU.
- Faren for atomulykker har auka
Sandra Borch tok utgangspunkt i Russlands krigføring mot Ukraina då ho innleia talen sin.
- Dette alvorlege bakteppet er grunnen til at regjeringa har løyvd 200 millionar kroner til dette senteret,, trekte ho fram.
- Me har fått jamlege me


































































































