Fjell og Vidde
01.08.2016
No skin det sol - e høgste Svealiå - det er ein strofe mange kjenner godt. Slik startar Vårsøg, skriven av Hans Hyldbakk. Det var truleg fjella i Trollheimen han hadde i tankane då han skreiv det.
I Surnadal på Nordmøre har ein av våre mest kjende vårsongar sitt opphav. Teksten til Vårsøg vart skriven i april 1945, ved slutten av andre verdskrig, og diktaren brukte våren og sommaren som ein metafor på freden som skulle kome. Seinare vart diktet tonesett av sambygdingen Henning Sommerro, komponist og musikkprofessor ved NTNU. Men Svealiå kan ikkje sjåast frå vindauget til den vesle hytta der diktaren budde. Her budde han for seg sjølv, opp i lia ovanfor Skei, Surnadal sentrum.
- Eg trur Hyldbakk skreiv om Svealiå fordi det klang godt, seier Henning Sommerro.
-