Fysioterapeuten
27.01.2021
Denne artikkelen ble akseptert 7. desember 2020. Personlige erfaringer vurderes av fagredaktør. Ingen interessekonflikter oppgitt
I juni 2020 vart eg ein av dei nær 8.000 i Norge som årleg får utført kneproteseoperasjon (1). Eit halvt år etterpå kan eg framleis ikkje gå utan smerter og sterkt ubehag. Mangel på teikn til betre funksjon i kneet gjer meg uroleg. Det er mange i dette landet som strevar med liknande utfordringar på grunn av skade eller slitasje i kne.
Driven av eit ønskje om å bidra til forbetringar både for meg sjølv og andre, deler eg her nokre av mine erfaringar som pasient. Tida som pasient har i tillegg gitt meg høve til å orientere meg i ny forsking på smerter og problem etter innsetting av kneprotese. Eg stiller spørsmål ved om viktige innsikter frå denne forskinga faktisk kjem i bruk i behandlinga av den aktuelle pasientgruppa i Norge.
For min del starta det heile våren 2017 då eg var på tur på fjellet og fall. Før kneskaden var eg ei frisk kvinne tidleg i 50-åra med eit aktivt liv. Turgåing og økter på treningssenter var faste ingrediensar. Fysisk aktivitet gir velvære og er god restitusjon for jobb som leiar i akademia. No er det 1,5 år sidan sist det var råd å gå tur. Eg saknar å vere fysisk aktiv, eg er lei av smerter og ubehag. Det er mange i dette landet som strevar med liknande utfordringar på grunn av skade eller slitasje i kne.
Dei som lever med kneproblem vil nok kjenne att lista over undersøkingar og forsøk på behandling: fastlege, røntgen, MR, ultralyd, injeksjon med hyaluronsyre og kortison, fysioterapi, akupunktur, ulike smertestillande og betennelses-dempande, krykker, spesialistutgreiing, artrosko
Gå til medietDriven av eit ønskje om å bidra til forbetringar både for meg sjølv og andre, deler eg her nokre av mine erfaringar som pasient. Tida som pasient har i tillegg gitt meg høve til å orientere meg i ny forsking på smerter og problem etter innsetting av kneprotese. Eg stiller spørsmål ved om viktige innsikter frå denne forskinga faktisk kjem i bruk i behandlinga av den aktuelle pasientgruppa i Norge.