AddToAny

Skog på fjelltur

Skog på fjelltur
Skogen kryp oppover fjellet. Gjengroinga forsterker klimaendringane og truger viktig artsmangfald, varslar forskarar.
I fjellsidene som omkransar det store Jølstravatnet i Jølster kommune, ligg støylshusa spredt. Men det byrjar å bli lenge sidan budeiene gjekk ned dei bratte bakkane med tunge mjølkespann. Gardsdrifta har endra seg i takt med samfunnet. Det same har landskapet.
- Då eg var gutunge og vi skulle på støylen for å hente kyrne, gjekk eg opp i bakkane her ute. Og då kunne du sjå heile fjellet opp, fortel Alf Støfring.
Han peikar oppover mot furutrea ovanfor Støfringstøylen eit lite stykke vest for Jølstravatnet. Dei har rukke å vekse seg store sidan den gongen Alf stod her og lokka på dyra, for over 60 år sidan.
- Vi ser det i himmelsynet heimefrå at skogen kryp opp og etablerer seg, også der det er skikkeleg vêrhardt. Skogen kler fjellet.
Snur du deg og ser nedover mot bygda, møter du også ein vegg av tre. Ein stad mellom greinene får du kanskje auge på husa nede i dalbotnen, men akkurat i dag er den fuktige tåka med på å sperre for utsikta.
- Naturen har jo alltid vore i endring, men det er noko med at ein mister utsikta, at vi ikkje lenger kan stå på støylen og sjå ned på bygda.
Dei to siste somrane har forskarar ved Naturhistorisk museum vore på kartleggingsturar i fjellet og oppdaga at den høgaste skoggrensa ligg heile 131 meter høgare enn for hundre år sidan. I tillegg gror gamle beitemarker igjen.

YNSKJER FLEIRE AKTIVE SETRE
Ei av årsakene til utviklinga er ein kraftig reduksjon i talet på aktive setre. Ved inngangen til 1900-talet var det 100 000 setre i bruk, i 2016 var talet 900. Endringar i landbrukspolitikk, teknologisk utvikling og større gardsbruk med høgare produksjonskrav, har gjort at utmarka vert brukt mindre. Ei naturleg utvikli
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

K an vi ta vare på villreinen samtidig som vi fortsetter å gå noen av Norges flotteste fjellturer?
Fjell og Vidde 13.02.2024
Hvilke hytter har du besøkt?
Fjell og Vidde 13.02.2024
I samband med regjeringa sitt kraftløft for Finnmark og elektrifisering av gassanlegget på Melkøya i Hammerfest, har Norges vassdrags- og
Fjell og Vidde 13.02.2024
Vogn 4. Ti spanjoler, tolv japanere, en av dem i setet ved siden av, de andre parvis bakover på hver side av midtgangen, samt en reiseguide. Ellers, en gutt med en sovende hund.
Fjell og Vidde 13.02.2024
HVA GJØR DU når turmålet er på den andre siden av jernbanesporet? Da gjelder det å finne fram kartet. Let etter et sted der toget går i tunnel, et snøoverbygg, en undergang, bru, eller planovergang.
Fjell og Vidde 13.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt