Fjell og Vidde
01.08.2016
Vi skal gjere noko som ingen har gjort før: Padle langs Rallarvegen - frå Finse til Myrdal.
Ja, padle. Vi har med ein 14 kilos plastbylt, som på 15 minutt er pumpa opp til ein dobbelkajakk. Framfor oss venter 18 km padling, sju km bæring og 11 km trilling på Rallarvegen. Vi har med telt, soveposar og stormkjøkken, men målet er 36 km med ukjent høgfjell i eitt rykk.
MOT STRAUMEN I USTEKVEIKJA Optimismen er på topp der vi startar på Finsevatnet like nedanfor hotellet. I enden av vatnet starter Ustekveikja, ei elv med to fossar og fleire småvatn. Elva renn imot oss, så vi får teste både styrke og psyke når vi prøver oss opp korte elvestryk! Ved to anledningar må vi bæra kajakken oppover tett innpå fossar. - Det er sleipt, men heilt vanvitig artig å stå her, roper Astrid der ho går fremst, like ved kanten av fossen. Kvitt vatn drønner forbi oss og støynivået er høgt. Vi smiler breitt til kvarandre der vi står nesten inni ein foss med kajakken mellom oss og sekkane på ryggen.
- Dette er mykje råare enn eg hadde førestilt meg!
Vi har regn og vind på turen, men med tørrdrakter og vest merker vi lite. Elva ender i Ustekveikvatnet, og endelig får vi ein lengre padleetappe! Men så, ved enden av vatnet startar den lengste bæreetappen. Det er snakk om 600 meter oppover for å nå Fagervatnet, vårt høgaste punkt. - Har du sett den lange og kuperte bakken? Sa du 88 høgdemeter? Vi må innføre tellerutine, seier Astrid der ho bærer fremst. Vi teller 100 steg før vi set ned kajakken og bytter plass. Så er det min tur til å gå 100 steg. Til sist når vi breidda av Fagervatnet, andpusten og
Gå til medietMOT STRAUMEN I USTEKVEIKJA Optimismen er på topp der vi startar på Finsevatnet like nedanfor hotellet. I enden av vatnet starter Ustekveikja, ei elv med to fossar og fleire småvatn. Elva renn imot oss, så vi får teste både styrke og psyke når vi prøver oss opp korte elvestryk! Ved to anledningar må vi bæra kajakken oppover tett innpå fossar. - Det er sleipt, men heilt vanvitig artig å stå her, roper Astrid der ho går fremst, like ved kanten av fossen. Kvitt vatn drønner forbi oss og støynivået er høgt. Vi smiler breitt til kvarandre der vi står nesten inni ein foss med kajakken mellom oss og sekkane på ryggen.