AddToAny

MOR FJORD

Preludium: Eg har alltid hatt denne draumen. Ein klar og tydeleg ein. Eg drøymde den same draumen om att og om att, år etter år, midt på natta, og gjerne midt på dagen. Har du ein slik draum, du òg?
Eit sansebilete, ei førestilling, ei von? Min draum var så enkel å tyde. Han handla ikkje om å bli ein kjend skodespelar. Han handla ikkje om å bli ein stor fotballspelar. Draumen handla aldri om å segle jorda rundt, lande på månen, bli rik.
Eg drøymde berre om ein fjord.
Fjorden - i bestemd form eintal. Hjørundfjorden.

H
- No, sa eg.
- No? spurde Torstein. - Ja, denne veka, sa eg. Stille forventning i telefonen. - Vêret, sa eg.
- Og snøen? spurde Torstein. - Vêret og snøen går opp i ei slags høgare eining, sa eg, og forsøkte å framstille meg sjølv som ein vismann.
- Eg er klar, sa Torstein. - Eg har alltid vore klar, sa han. Så snakka vi med Olav, og Olav sa at han nesten var ferdigpakka, og Olav snakka med Janita, og Janita sa at ho diverre skulle ha ei nattevakt på sjukehuset, «men ikkje tenk på det», sa ho, «det er berre ei nattevakt», ho skulle gjere sekken klar kvelden før, sove kunne ho gjere seinare, «eg er med», sa ho, «eg let meg ikkje stoppe av noko», sa ho, og dette siste var litt skremmande, urovekkande, for alle visste kor sprek Janita er, ho kan gå frå alt og alle.
Deretter gjorde vi det som var heilt vanleg på nittitalet, men som er mindre vanleg no: vi berre avtalte å møte kvarandre, på ein dato, på eit klokkeslett, på ei ferjekai.
Vi skulle komme frå tre himmelretningar - frå sør, frå nord, frå vest - og treffe kvarandre på Festøya i Møre og Randodal fylke.
Ei ferjekai utan pølsekiosk, men med ein mytologisk posisjon i det sunnmørske friluftslivet.

J
Dagen kom. Om eg ikkje hugsar feil, så ga vi kvarandre high fives då vi møtte kvarandre på kaia. Vi smilte og lo og ga kvarandre high fives slik berre menneske med randoski på sekken kan smile og le og gi kvarandre hig
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Hvordan bedrer vi situasjonen for villreinen, uten å stenge folk og friluftsliv ute fra naturen vi ønsker å ta vare på? Dette er noe vi i DNT har jobbet med i lang tid.
Fjell og Vidde 20.04.2026
Iår er det 150 år siden William Cecil Slingsby triumferende kunne feire førstebestigningen av ikoniske Store Skagastølstind (2403 moh.) i Hurrungane.
Fjell og Vidde 20.04.2026
Fjell og Vidde 20.04.2026
– Jeg sammenligner det med en skitur, sier Jannicke Mikkelsen. – En skitur med pulk. Astronauten sitter et par meter bortenfor Framskipet, inne på Fram-museet i Oslo.
Fjell og Vidde 20.04.2026
DNT har i flere år feiret FjellPride på Sota Sæter. Etter en kort pause er det som har blitt en kjær markering av mangfold og likeverdig kjærlighet tilbake!
Fjell og Vidde 20.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt