Som Khrono har skrive, har Akademika, som driftar bokhandelen i dag, fått beskjed om at høgskulen ønskjer å bruka arealet til andre ting. Dette studieåret kan difor verta det siste med bokhandel sentralt plassert på campus.
- Verdien av ein bokhandel er så sjølvsagt for meg at eg måtte leita litt for å finna argument for kvifor ein treng ein bokhandel. Det er så sjølvsagt at det kjennest rart å måtte forsvara det, sa stipendiat Eigil Hole Lønning til Khrono.
Ville undersøka
Det er ikkje berre Lønning som er kritisk til å legga ned bokhandelen.
Professor Nina Goga fortel at då ho las ei sak om bokhandelen på høgskulen si internside bestemte ho seg for å prøva å finna ut kva dei tilsette meinte om saka.
- Eit opprop er ein mogleg måte å sondera engasjementet på, seier ho.
Oppropet var ope ei arbeidsveke, og fekk altså 190 signaturar.
- Bokhandelen er viktig for meg som forskar og førelesar og for studentane mine! Tilsette ved Akademika har solid kunnskap og er til god hjelp og støtte både for tilsette og stude


































































































