Khrono
28.08.2023
Utviklinga dei siste åra både i institusjonstypar, studieprogram og studentmasse gjer at ei breiare tilnærming til studiepoengproduksjon har noko for seg. Det ville gitt perspektiv, nyansar og etterlengta kunnskapsdeling.
Det er bra at Khrono tek opp utviklinga av studiepoengproduksjon blant universiteta i ein artikkel førre veke. Men vi hadde stått oss betre på å vise fram heile spekteret av høgskular og universitet. Det kunne forløyst grunnlaget for eit breiare og meir interessant ordskifte om både studiekvalitet, fråfall, gjennomstrøyming, eit heilskapleg læringsmiljø - og gjerne finansiering for den saks skuld.
Les merUtgangspunktet for lista som Khrono presenterte i oppslaget 21. august er òg verdt å merke seg. Her bereknar ein tal studiepoeng per stude


































































































