Khrono
18.04.2023
Yngve Flo argumenterer i Khrono for at fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen, bør følgje innstillinga til bemanningsplan. Denne innstillinga medfører at teatervitskap vil miste to av tre stillingar.
Flo er fagkoordinator for historie og er heilt tydeleg på kva hatt han har på hovudet. Om ikkje stillingane i ein nødvendig nedbemanningsprosess blir tatt frå til dømes teatervitskap, kan andre fag - også hans eige - bli ramma. Nett no står teatervitskap lageleg til for hogg. Ikkje fordi dei kjem dårlegast ut i kunnskapsgrunnlaget for avgjerda, men fordi to av dei tre stillingane nett no er og blir ledige. Den eine stillinga er ledig fordi ein nytilsett fekk tilbod om ei prestisjetung toppstilling i Tyskland. Den andre stillinga er ledig fordi ein av dei tilsette skal gå av med pensjon.
Les merDette illustrerer eit prinsipielt problem. Ein skaper seg eit kunnskapsgrunnlag basert på prinsipp om tydelege kriterium og transparens. Samstundes er universitetssektoren trygga av regulerte arbeidsforhold som gjer at indikatorane i kunnskapsgrunnlaget ikkje fører fram til at vi fritt kan flytte på ressurar i tråd med kunnskapsgrunnlaget. Enkelt sagt: Vi seier ikkje opp folk i eit fag for å flytte stillinga til eit anna og meir inntektsgenererande fag.
Eg er glad for at vi har regulerte vilkår i sektoren. Men det gjer også at forholdet mellom kunnskap


































































































