Denne vitenskapelige artikkelen er fagfellevurdert etter Fysioterapeutens retningslinjer, og ble akseptert 26.april 2022. Studien er vurdert av personvernombodet ved Helse Førde. Ingen interessekonflikter oppgitt.
Samandrag
Hensikt: Hensikten med prosjektet var å få kunnskap om korleis pasientar med akutt hjerneslag opplever å trene opp balanse, hurtigheit, koordinasjon og armfunksjon i eit virtuelt rom ved bruk av VR-briller og handkontrollar, og om dette bidreg til å styrke motivasjonen for trening.
Metode: Prosjektet er organisert som eit internt forbetringsprosjekt. VR-trening har vore utført som ei eiga økt i tillegg til den konvensjonelle fysioterapioppfølginga. Åtte deltakarar vart intervjua etter fullført treningsperiode med utgangspunkt i ein semi-strukturert intervjuguide. Stegvis-deduktiv induktiv metode vart nytta for å analysere datamaterialet.
Funn: Alle deltakarane opplevde VR-treninga som særs engasjerande, motiverande og nyttig. Fire tematikkar oppsummerar deltakarane si erfaring: 1) Informasjon og opplæring: Vanskeleg å beskrive, må opplevast, 2) Opplevinga: Eit rom utanfor tid og sjukdom, 3) Nytteverdi: Motivert av konkurranse og opplevd framgang - «Eg fekk meir», 4) Forbetringar: Teknisk utfordringar, enklare brukargrensesnitt og variasjon.
Konklusjon: Opplevinga av å gå inn i ei «boble» der tid og stad blir noko «utanfor det normale» gjev ein positiv oppleving som påverkar motivasjon. Deltakarane observerer og at treninga gjev progresjon. VR-trening erfarast som trygt for pasientane innafor den tilrettelagde ramma og kan tilrådast som eit supplerande tiltak i rehabiliteringa.
Nøkkelord: Fysioterapi, virtuell realitet, hjerneslag, intervju, motorisk funksjon.
Abstract
Patients' experience of training using virtual reality (VR) for balance and upper limb training after stroke. An interview study
Introduction: The purpose of this study was to improve our knowledge of how patients recovering after a stroke experienced training in a virtual room using VR, and whether this contributes to increasing their motivation for exercise.
Methods: The project aimed to improve the quality of treatments given at Førde Central Hospital. VR was combined with conventional physiotherapy training. Eight patients were interviewed at the end of their VR training period based on a semi-structured interview guide. A stepwise-deductive inductive method was used to analyze the data material.
Findings: All patients experienced VR training to be exhilarating, motivating and helpful. Four themes summarise the participants' experience: 1) Information and training: Difficult to describe, must be experienced, 2) The experience: removed from time and illness, 3) Benefits: motivated by competition and perceived progress - I got more, 4) Improvements: Technical challenges, simpler user interface and variety.
Conclusion: Motivation is affected by the immersing experience and feeling of losing a sense of time and place. Patients are able to observe their own progress during VR training that also increases their motivation.
Key-words: Physical Therapy Modalities, virtual reality, stroke, interview, motor function.
Innleiing
Ifølge slagregisteret var det 229 pasientar med påvist hjerneslag innlagt i Helse Førde i 2020. Same året vart 8 917 personar i Noreg råka av hjerneslag. Majoriteten var over pensjonsalder, ni av ti budde heime og dei fleste hadde ikkje behov for hjelp i kvardagen (75 %). Typiske symptom på hjerneslag er parese i eine sida av ansiktet, i ein arm, i eit bein og språk-/talevanskar. Sju av ti har eitt eller fleire av desse symptoma (1). Alvorsgraden og komplikasjonar varierer. Førekomsten av hjerneslag er venta å auke med åra i takt med at det vert fleire eldre (2).
Personar som har fått motoriske utfall som følgje av hjerneslag bør i følgje den nasjonale retningslinja for rehabilitering etter hjerneslag få tilbod om intensiv rehabilitering med fokus på oppgåverelatert trening så tidleg som mogleg etter eit slag (3). Desse pasientane utgjer om lag 45 % av den samla førekomsten, og vert tilvist fysikalsk rehabilitering. Her vert pasientane følgt opp av eit rehabiliteringsteam med fysioterapeuten i ei sentral rolle. Konvensjonell fysioterapi etter hjerneslag handlar om individuelt tilpassa trening for relæring av funksjon, og er det viktigaste fysioterapitiltaket etter eit hjerneslag. Motoriske erfaringar spelar ei avgjerande rolle for hjernen, nervesystemets plastisitet, og reorganiseringa i det intakte hjernevevet (4). Treninga må ha tilstrekkeleg intensitet, mengde og varigheit for å kunne oppnå endring og bringe pasienten tilbake til best mogleg funksjonsnivå. Det vil seie konkret trening på dei rørsler og aktivitetar som pasienten har som mål å meistre (3). Derfor er det viktig at pasientane også opplever treninga som meiningsfull, i tillegg til at den bør vere oppgåverelatert og funksjonell. Noverande paradigme for nevrorehabilitering inneber strategiar for å forbetre motorisk funksjon med vekt på eit høgt tal repetisjonar, høg intensitet og oppgåvespesifikke intervensjonar (5).
I arbeidet vårt med hjerneslagpasientar i Helse Førde observerer vi at lengre rehabiliteringsopphald påverkar motivasjonen negativt, og pasientane sin framgang vert redusert etter kvart. Eit døme er trygg balansetrening på lågare nivå kor pasientane skal utfordre sittande balanse. Her vert det ofte vanskeleg å sjå dei «små» framstega i rehabiliteringa. For å påverke fysisk aktivitetsnivå og fysisk funksjon er det derfor vesentleg å finne motivasjonen for å gjennomføre tilstrekkeleg mengde med trening (6).
Virtuell realitet (VR) er datateknologi innebygd i briller som lar brukaren påverke og bli påverka i eit dataskapt miljø som kan opplevast som nær den verkelege verda (7). I VR kan vanskegrad og anna kompleksitet tilpassast den einskilde utan dei fysiske restriksjonane som den verkelege verda gjev. Å nytte VR kan gje pasienten ein ny, motiverande arena for å gjennomføre krevjande treningsøkter, sjølv ved betydeleg funksjonsnedsetting (8). Kombinasjonen av VR og konvensjonell trening kan auke motivasjon og fremme rehabiliteringsprosessen (9). I fleire studiar er effekten av trening i VR undersøkt, men resultata sprikar. Dei syner lite til moderat effekt frå studiar av låg til moderat kvalitet (10). Den hittil siste publiserte meta-analysen konkluderer imidlertid med at VR er eit effektivt tiltak for gange, balanse og dagleg funksjon for personar som har hemiparese etter hjerneslag (11). Vi finn berre to studiar om korleis pasientane skildrar si oppleving av VR-trening. Begge finn at pasientane både kjenner seg trygge og opplev glede som gjev motivasjon for trening (12,13). Særskilt kan tilbakemelding i form av poengskår ha betydning for motivasjonen (12


































































































