NNN-arbeideren
21.05.2021
Arbeidarar med stokkar og steinar vart møtt med soldatar og marinefartøy. Menstadkonflikten var ein kamp om eksistensen til fagforeiningar, som markerte slutten på knallhard klassekamp i norsk arbeidsliv.
MÅNDAG 8. JUNI 1931, SKIENSFJORDEN:
2.000 arbeidarar har marsjert ut til Menstad frå Porsgrunn og Skien. Korpset speler Internasjonalen, og over toget vaiar faner og raude flagg. I front går arbeidarvernet, 100 mann med stokkar til sjølvforsvar, og ein forhandlingskomite. Dei nærmar seg sperringane der 100 mann frå statspolitiet ventar. Politiet skrur på vasslangane og går til angrep med køllene til vers.
Slaget på Menstad er eit av kokepunkta i Norges største arbeidskamp, storlockouten og sympatistreikane i 1931. Arbeidsgivarane vil sette arbeidarane på plass og sørge for «arbeidsfred» etter eit konfliktfylt tiår. Den internasjonale krisa i økonomien har nådd Norge, og knapt etter at dei har lagt kravet om eit stort lønnskutt på bordet, stenger arbeidsgivarane portane til arbeidsplassane.
På Menstad, som så mange andre stadar på denne tida, skal konflikten handle om streikebryting. Historisk skal arbeidskampen i 1931 bli eit vendepunkt i norsk arbeidsliv.
Streikebryting
På utskipingshamna til Norsk Hydro på Menstad, blir hamnearbeidarane tatt ut i sympatistreik 15. april. Ei gruppe kontraktarbeidarar held likevel fram med å laste salpeter. Etter ein bitter konflikt om streikebryting i 1924, har bedrifta nemleg gitt 24 tilsette sparken. Dei vart så tilsett på nytt som uorganiserte på kontraktar med tre månader oppseiing, for å kunne halde fram utskipinga un
Les opprinnelig artikkel2.000 arbeidarar har marsjert ut til Menstad frå Porsgrunn og Skien. Korpset speler Internasjonalen, og over toget vaiar faner og raude flagg. I front går arbeidarvernet, 100 mann med stokkar til sjølvforsvar, og ein forhandlingskomite. Dei nærmar seg sperringane der 100 mann frå statspolitiet ventar. Politiet skrur på vasslangane og går til angrep med køllene til vers.