Engasjementet for dei utfordringane som Distrikts-Noreg slit med, synes rett og slett ikkje ut til å vere til stades. Ved å gjere debatten om til eit spørsmål om politikarane sin valkampmodus, kan Stølen kvittere ut heile saka som irrelevant. Med retorikken om ein armlengds avstand til politikarane, kan Stølen plassere seg i sitt autonome elfenbeinstårn, utan å trenge å engasjere seg i dei faktiske utfordringane i samfunnet av redsel for å bli svart under neglene.
Stølen er imot politisk styring, men han er for ei politisk styring som forsvarar noverande deling av ansvar for dei lengre akademiske profesjonsutdanningane, som til dømes juss og medisin. Det politiske engasjementet i samfunnet, som Stølen viser til, har i liten grad handla om ansvar for dei lengre akademiske utdanningane som universiteta har hatt ansvar for. B


































































































