Fontene forskning
17.12.2019
Då eg vart beden om å melde denne boka, tenkte eg at dette må vere rett bok til rett tid. Ei bok som kritisk tek for seg ein sentral del av kunnskapsgrunnlaget for avgjersler i barnevernet, bør vere nettopp det. Som vi veit, har kvaliteten på utgreiing og tiltak i norsk barnevern fått stadig større offentleg merksemd. I det eg skriv dette, kjem det nok ei melding om at ein dom i ei norsk barnevernssak har vorte overprøvd av Den europeiske menneskerettskommisjonen. Kritikken som har vore retta mot barnevernet er truleg også ein viktig årsak til den store satsinga på kompetanse som det no blir lagt opp til i barnevernssektoren, mellom anna gjennom forslaget om å gjere barnevernspedagogutdanninga femårig. Dette vil innebere trong for fagbøker som går kunnskapsgrunnlaget som utdanningane bygger på nærare etter i saumane.
Som denne boka også tek utgangspunkt i, har mentalisering, ofte operasjonalisert som refleksiv fungering, dei siste åra etablert seg som eit av dei mest sentrale rammeverka for både utgreiing og tiltak i norsk barnevern. Undersøkingar fokuserer på foreldre sin refleksive fungering og tiltak rettar seg mot å betre denne fungeringa. Grunngjevinga for dette ligg i at foreldra sin evne til mentalisering blir sett på som ein avgjerande omsorgsfunksjon og utviklingstøttande faktor. Tilsvarande blir mangelfulle evner på dette området vurdert som ein risikofaktor. Når omgrep, teoriar og metodar får eit så stort gjennomslag, er det alltid ein fare for at grensene for bruk blir utvida til område dei ikkje var meint for.
Forfattaren av boka er psykolog og førstelektor ved bachelorstudiet i barnevern, OsloMet. Mellom linene i denne boka meir enn anar vi akademikaren sin irritasjon over upresis bruk av omgrep og «omnipotente» teoriar. Boka har sterkt retorisk preg, noko som gir energi til lesaropplevinga. Eg kjem til å konkludere med at denne boka er viktig, men at ho ikkje heilt held det tittelen lovar.
DEN VIKTIGASTE innvendinga mi er at boka ikkje handlar så mykje om barnevern. Ho er først og fremst ein grundig og velinformert kunnskapsfilosofisk diskusjon av mentaliseringsomgrepet. Av dei 13 kapitla er det berre tre (32 s.) som spesifikt tek for seg
Les opprinnelig artikkelSom denne boka også tek utgangspunkt i, har mentalisering, ofte operasjonalisert som refleksiv fungering, dei siste åra etablert seg som eit av dei mest sentrale rammeverka for både utgreiing og tiltak i norsk barnevern. Undersøkingar fokuserer på foreldre sin refleksive fungering og tiltak rettar seg mot å betre denne fungeringa. Grunngjevinga for dette ligg i at foreldra sin evne til mentalisering blir sett på som ein avgjerande omsorgsfunksjon og utviklingstøttande faktor. Tilsvarande blir mangelfulle evner på dette området vurdert som ein risikofaktor. Når omgrep, teoriar og metodar får eit så stort gjennomslag, er det alltid ein fare for at grensene for bruk blir utvida til område dei ikkje var meint for.