Fysioterapeuten
10.06.2016
Eli Natvik, fysioterapeut MSc, Institutt for Global helse og samfunnsmedisin, Det medisinskodontologiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Rettleiarar: Professor Målfrid Råheim, professor Eva Gjengedal og førsteamanuensis Christian Moltu.
Disputasen vart gjennomført 9. oktober 2015. Arbeidet er finansiert av Fysiofondet (Fond til etter- og videreutdanning av fysioterapeuter).
Orginaltittel: Carrying the weight of uncertainty: Patients' long-term experiences after bariatric surgery.
Førekomsten av fedme og alvorleg fedme har auka raskt i Noreg etter 1980. Alvorleg fedme betyr høg kroppsvekt som er knytt til helserisiko og redusert livskvalitet. Helsetenesta tilbyr menneske med alvorleg fedme ei tverrfagleg utgreiing og moglege tiltak for vektreduksjon, men ikkje nødvendigvis kirurgi. Fedmekirurgi er eit alternativ ved alvorleg fedme, og synast å vere det mest effektive tiltaket ved å gi varig vekttap og reduk