Valet blir truleg frå 30. mars til 5. april, og hittil har ingen andre kandidatarmeldtseg.
- Eg er ikkje kjend med at det finst nokon utfordrar til Dag Rune Olsen, seier leiar av det sentrale valstyret ved UiB,KristinBakken.
Oppmodast til å ståfram
Fristen for å komme med forslag til kandidatar går først ut fire veker før valet, følgjer det avvalreglementet for UiB. Men Bakken oppmodar likevel kandidatar til åståfram.
- For å få ein brei debatt og for at folk skal kunne gjere seg opp ein oppfatning et det fint om kandidatar melder seg så tidleg som muleg. Då får ein og lengre tid til å skapeengasjementpå.
Studentane ønskjer å ha valet litt tidlegare, frå 13. til 22. mars, for å køyre det samtidig som studentvala, men ifølgje valreglementet må rektorvalet skje i april, om ikkje universitetsstyret endrar det. Saka skal opp i universitetsstyret1.desember.
Valkampuansett
-Vi har byrja å snakke litt om kva saker vi synest er viktige, og som vi kan tenke oss å ta opp med rektorkandidatar. Og vi er spente på om det blir fleire kandidatar, seier Håkon Randgaard Mikalsen, som leiar arbeidsutvalet ved studentparlamentet ved UniversitetetiBergen.
- Vi håper at det blir eit val. Det er alltid bra, utan at vi er misnøgde med dagens rektorat,seierMikalsen.
Og sjølv om det berre skulle bli ein kandidat vil studentane likevel