Dei to høgskulane har til saman meir enn 6000 studentar og gir tilbod om ei rekkje profesjonsutdanningar, bachelor- og mastergrader, vidareutdanningar, samt to PhD-grader, ei av dei gjennom samarbeid. Storparten av studentane er rekrutterte frå vårt eige fylke.
Det statsbudsjettet som regjeringa nyleg la fram, er ikkje godt nytt for desse høgskulane. I utgangspunktet var dei blant dei aller dårlegast finansierte høgskulane i landet når ein ser på løyving pr. student. Trass i dette har dei to høgskulane gjennom mange år hatt høg forskingsaktivitet samanlikna med mange andre høgskular.
Studentane gjennomfører i stor grad studieprogramma på normert tid, og tilbakemeldinga om kvalitet frå studentane er god. Det framlagde budsjettet gjer det økonomiske biletet mørkare. For det første går meir av potten til dei gamle, sto


































































































