Khrono
04.11.2016
Humaniora. Mange viktige og gode moment om nedlegging av studieprogram ved UiT Noregs arktiske universitet har vore løfta fram, men enno finst det fleire, skriv professor, Øystein A.
Vangsnes.
Les merDen siste veka har det vore ein straum av kristiske ytringar om rapporten frå Strategisk utdanningsutval om nedleggjing av studieprogram ved UiT Noregs arktiske universitet. Mange viktige og gode moment har vore løfta fram, men enno finst det fleire. At Noreg og Nord-Noreg har større behov for framandspråkskompetanse enn ein er klar over, er eitt. At Strategisk utdanningsutval har unnlatt å gjennomføra ein god heilskapleg analyse, er eit anna.
Få med deg alle saker og innlegg om studiekuttene i Tromsø
I Storbritannia har fleire rapportar dei siste åra peikt på at manglande språkkunnskapar kostar den britiske økonomien enorme summar. Estimata varierer, men ein


































































































