Boka er først og fremst beskrivande med eit vell av faktaopplysingar og relevante data som studentar i ulike velferdsfag vil ha stor nytte av. Gjennom over 400 sider viser forfattarane korleis velferdsstaten pregar samfunnet vårt. Vekta er lagt på dei velferdspolitiske reformar og underliggande politiske prosessar som har kjenneteikna perioden frå innføringa av folketrygda i 1967 til 2017. Ein kritisk merknad er likevel på sin plass: Ettersom boka er avslutta i februar 2020 ville det ha vore tid til å omtale Nav-skandalen - det som mange omtalar som den største velferdspolitiske skandalen i vår tid. Skandalen har fått stor merksemd fordi EØS-regelverket vart tolka feil. Saka illustrerer godt korleis aukande overnasjonalitet i lovsamarbeidet har konsekvensar for velferdsytingane. I eit historisk perspektiv er dette viktig, og boka ville ha tent på å ha omtala dette i lys av tendensen til rettsleggjering og internasjonalisering av velferdspolitikken.
Boka avgrensar seg til trygd, helse og omsorg som er velferdsstatens kjerneområde. Dermed ekskluderer dei endringar i velferdsgoder som har samanheng med til dømes skatte-/inntektspolitikk, kulturpolitikk eller distrikts-/sentraliseringspolitikk. Heller ikkje grunnleggande endringar knytt til demografi, globalisering og økonomiske strukturendringar blir analysert som forklaring på velferdsreformene. Det same gjeld overordna trendar som auka nasjonalisme og framvekst


































































































