- Eg har vore med i Raudt (og Raud Ungdom og RV) sidan eg var ungdom, og det har vel med at eg meiner det er urettferdig og gale at nokon skal vera rike og andre fattige. Då eg flytta til Volda, var det ikkje noko Raudt-lag her, så det var eg med å starta. Ved kommunestyrevalet i 2019 kom Raudt og eg inn i kommunestyret i Volda - sannsynlegvis delvis fordi me var det einaste partiet som torde å seia at me ikkje ville ha nytt kulturhus, men heller bruka pengane på bemanning i skule og barnehage og helse og omsorg.
- Kva for ein akademisk sak brenn du for?
- Eg brenn for moglegheita til å driva høgskule i Distrikts-Noreg og tilby utdanningar som regionen treng. Det at det går an å utdanna seg til lærar, barnehagelærar, sosionom og barnevernspedagog, mellom anna, i nærområdet, er avgjerande for rekruttering til slike arbeidsplassar i distriktet. Det ser me hjå oss i Møre og Romsdal, men kanskje endå tydelegare i Nord-Noreg. Difor har eg fylgt kampen til kollegaene


































































































