Sidan Konge og Regjering måtte ryme nordover etter invasjonen den 9. april, fann Høgsterett den 15. april det nødvendig å utnemne eit råd av embetsmenn, som fekk namnet Administrasjonsrådet. Det skulle ta over administrasjonen av dei områdene av landet som var okkupert. Men det skulle ikkje gå mange dagane før Hitler viste kva for plan han hadde for vårt land. Den 18. april utnemnde han Joseph Terboven* til Reichskommisar für die besetzten norwegischen Gebiete med fullmakt til å ha ansvar for det sivile og politske styret av landet. Han var bare ansvarleg mot Hitler personleg.
Den 25. september 1940 heldt Terboven ein tale til det norske folk over norsk radio, der Administrasjonsrådet blei avsetta og det blei utnemnt kommisariske statsrådar eller konstituerte statsrådar, som var namnet dei sjølv helst brukte. Flesteparten var medlemar av Nasjonal Samling (NS), Quislings parti, men noen var upolitiske. Frå nå av var NS det einaste tilletne parti. Frå 1. januar 1941 opphøyrde det folkevalde lokalstyret i kommune og fylke. Nå skulle det utnemnest ordførar og eit lokalt styre etter førarprinsippet. Planen var å utnemne medlemar av NS, men det tok tid sidan partifolk var sjeldsynte det første året, men medlemstalet auka kraftig dei første åra.
Quislings idé var å styre landet med eit Riksting utnemnt av dei ymse foreninger og lag som Bondelaget og Fiskarlaget og vidare abeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane, men overtakinga blei mislykka. Konstituert statsråd Hagelin i Innanriksdepartementet inviterte leger, tannleger, sjukepleiarar, sjukegymnaster, apotekarar, farmasøytar og jordmødre til å vere med i eit Sanitets- og hygienelaug. Men alle takka nei.
Neste gruppe som skulle overtakest var idretten.
Den 21. november 1940 skreiv kommisarisk statsråd Axel Stang i Idretts- og Arbeidstenestedepartementet under på ei Forordning om norsk idretts organisasjon. All norsk idrett skulle frå nå av vere med i Norges idrettsforbund. Svaret på dette blei full streik. Den skulle vare heilt fram til freden i 1945. Det blei halden mindre illegale* stemner ut over i landet, og NS heldt ein del stemner for sine tilhengarar, men det var lita tilsutning til desse.
Frå eit kontor under konstituert statsråd Hagelin i Innenriksdepertementet, gjekk det ut informasjon den 15. februar 1941 om at frå nå av ville det ved tilsetting i nye stillinger i offentleg teneste i kommuner eller fylker bli lagt avgjerande vekt på medlemskap i NS. Tenestemannsorganisasjonen reagerte raskt og ville sende protestbrev til Terboven. På dette tidspunktet var det litt ulike meiningar i foreningane om nytta av å sende eit skarpt protestbrev, eller mjukare brev om forhandlingsvilje.
Protestbrev blir sendt
Resultatet blei å sende protestbrev til Terboven den 3. april med underskrifter av leiarane i 22 organisasjonar, derimellom NTF. Eit nytt protestbrev blei sendt til Terboven den 15. mai, nå med underskrift frå 43 organisasjonar, som representerte omkring 700 000 medlemar. Det tok litt tid med reaksjon frå Terboven, men den 18.juni slo han til i full tyngde. Då blei alle underskrivarane innkalla til møte i Reichkommisars kontor i Stortingsbygningen, som var rekvirert av Reichskommisar. Det var ein rasande Terboven som tala til denne forsamlinga, og seks av underskrivarane ba han kome fram til seg, og dei blei arrestert og ført ut. Etter Terbovens tale kom konstituert stasråd Hagelin fram. Han hadde fått samtykke av Reichskommisar for «Forordning for foreninger,» datert 17. juni 1941. Nå skulle alle foreningar bli leidd etter krava i den nye politiske politikk. Av dei frammøtte foreningane blei elleve nedlagt på flekken. 26 foreningar fekk kommisarisk leiing, Kommisarane hadde møtt fram, og sammen med dei avgåande tillitsvalde gjekk dei rundt i Oslo og tok over i kontora..
Motstanden går frå open til hemmeleg
Det som nå hende var at medlemsmassen i dei mange foreningane melde seg ut av sine lag, eller let vere å betale kontingent. Såleis meldte 80 prosent av legane, tannlegane og sakførarane seg ut or foreningane i slutten av august, og noe seinare 90 prosent* Etter denne hendinga var det klart at skulle du nå kome ut med parolar om motstand mot nazifisering av samfunnet, måtte det skje illegalt. Sindige personar, som mellom anna Høgsterettsjustitiarius Paal Berg og direktøren for Statistisk sentralbyrå, Gunnar Jahn med fleire, skipa ei illegal anti-NS-gruppe som fekk namnet Kretsen. Men det blei snart klart at skulle du kunna motverke flaumen av nazistisk propaganda, måtte du ha ein sentral organisasjon som var i stand til å få ut parolar til det norske folk raskt, slik at det kunne bli ein samla aksjon. Å stå imot enkeltvis mot trugsmål om fengsling og økonomi var ikkje så lett. Det tok litt tid å få organisert ein slik organisasjon, men rett over nyttår 1942 var den klar. Den fekk namnet Koorganisjonskomiteen, eller KK som den seinare blei kalla. I starten var den sammensett av to legar, tre lærarar, to juristar, to prestar og ein ingeniør. Seinare blei den utvida, og etter at noen blei arrestert, eller måtte ryme til Sverige eller England måtte den fornyest med nye personar.
Kva hende i NTF?
I 1984 kom det ut ei bok skriven av tannlege, og i ein periode generalsekretær i NTF, Arne Sollund*, etter oppdrag frå hovudstyret i NTF. Den hadde tittel DEN NORSKE TANNLEGEFORENING GJENNOM 100 ÅR 1884-1984. I avsnittet Krigstiden 1940-45 omtaler han det som hende i NTF under okkupasjonen og eg vil hente mine opplysningar stort sett frå denne.
Arne Sollund generalsekretær NTF frå 1966-1987
Etter frigjeringa skreiv hovudstyret ein rapport om hendingane. Der står det mellom anna: «Da hovedstyret ble valgt på


































































































