Fjell og Vidde
14.02.2023
Det er litt galskap, er det ikkje? Å sove i telt når du kan sove i hus - på kaldaste vinteren?
Eller er det akkurat det ein bør gjere når timeplanen gispar etter luft og verda kjennes uroleg? Dei seks som sit i peisestova på Geiterygghytta i Skarvheimen har landa på det siste.
Ein ung mann frå Ukraina, ein far og ei dotter, to venninner og småbarnsmødre, og ei enke. Utanfor er snøen knapp og forblåst. Inne finst trerettars middag, skjenkeløyve og fyr i peisen. Det er ein mjuk start på kurset i vinterovernatting.
- Eg ynskjer å lære og sove i telt på vinteren på ein trygg måte, slik at eg kan ta med gutane mine, fortel Therese Simpson Johansen.
- Eg elskar å sove ute, men har ikkje gjort det på vinteren, seier venninna Linn Hoel Ringvoll.
Dennis Skokov, opprinneleg frå Ukrania, men busett i Nederland, har sove ute med guide, men ynskjer å vere kompetent nok til å gjere det på eiga hand.
- Det kjennes som at om noko går gale, så kan det verkeleg gå gale, seier han.
- Eg elskar utfordringar, fortel Vigdis Håland. Eg har aldri sove i telt på vinteren før og ynskjer å lære noko nytt.
- Sist eg sov ute var i speidaren, ein gong på 70talet. Eg ynskjer å lære om nytt utstyr og tryggleik. Og så er det alltid betre å få nokon andre til å fortelje dottera di kva ho skal gjere, seier Sven Olav Gahre og ler, før han ser på Emma Gahre ved sidan av seg.
- Eg likar å trene og vere ute, men har aldri sove ute på vinteren, fortel Emma.
Desse menneska som denne kvelden møtast for første gong, viser seg å ha meir til felles enn målet om å sove ute ei vinternatt:
- Eg er advokat i UD, seier Therese.
Gå til medietEin ung mann frå Ukraina, ein far og ei dotter, to venninner og småbarnsmødre, og ei enke. Utanfor er snøen knapp og forblåst. Inne finst trerettars middag, skjenkeløyve og fyr i peisen. Det er ein mjuk start på kurset i vinterovernatting.