AddToAny

Jusprofessor ANINE KIERULF set naturen høgt, men likskap for lova endå høgare.

– Eg lurte på om eg skulle bli forstmeister i staden for jurist. – Bli kva, sa du? – Altså, ein sånn som passar på skogen.
Anine Kierulf serverer eplemost i ein handlaga trekopp. Ein fallen trestamme, klam og perforert av små, små hol, laga av endå mindre vesen, fungerer som benk. Berre meter frå oss, mellom asfalt og betong, er lufta varm og påtrengande. Her inne i Gaustadskogen i Oslo skjermar høgreiste lauvtre med sine svale hender.
– Anten forstmeister eller teaterhøgskulen, for eg syntest det var så gøy med revy og sånt. Så det var jo litt breidde i feltet der, fortset Anine.
– Som jurist kan eg vere masse i naturen og gå på jakt og gjere alle gøy ting i tillegg. Og elles gå i retten og spele skodespel kvar dag, så det var betre å ha dei to andre tinga som hobby, tenkte eg.
Anine Kierulf er likevel ikkje mest kjend for å skape drama i rettssalen, men for å formidle krunglete juss på ein forståeleg måte. Med ytringsfridom og menneskerettar som hovudfelt er den språksikre juristen og professoren ofte å finne i statskanalen og riksaviser, men òg på smalare plattformer som opererer meir i sideløpa til medie-elva.
Ofte kjem Anine på bana, som ho sjølv seier, for å «legge ei sval hand på ei oppheta og kjensleprega panne».
– For ikkje meir enn ti–femten år sidan var nesten ingen opptatt av ytringsfridom. Det var litt opp
blomstring akkurat under karikaturstriden. Og så har det fått ei veldig dreiing fordi sosiale medium og internett plutseleg har gjort at ytringar kjem mykje tettare på, heile tida.
Om du vil fortelje noko til verda, kan du her og no skrive eit oppfarande og kjensleladd innlegg på til dømes Facebook, X eller Hudd, lage din eigen podkast eller gå live på YouTube. Luktar algoritmane blod, sveitte eller tårer, vil dei ofte sørge for at publikummet ditt blir større, og at kommentarfeltet mest truleg blir ein offentleg debatt lite verdig. Eller: Salen din er like tom som ei kyrkje på ein vanleg søndag.
– Kva tenker du når folk hevdar dei blir knebla? – Nei, det er ei utbreidd misforståing at ytringsfridomen vernar retten til å bli høyrd. Du er ikkje knebla om nokon seier imot deg. Meiningsmotstandarane brukar sin ytringsfridom til å seie det dei meiner.
Ytringsfridom er til for at det skal vere mogleg å drive meiningsbryting, seier Anine, men reell meiningsbryting krev at alle ikkje berre pratar sjølv, men at nokon er oppriktig interessert i å lytte.
– Når høyrde du sist ein politisk debatt der nokon sa: «Det har eg ikkje tenkt på. No trur eg at eg lærte noko nytt.» Det er veldig sjeldan, synest eg.
Når vi møter Anine, kjem ho verken frå eit radiostudio, ein rettssal eller kontoret på Blindern. Ho er i ein slags akklimatiseringsfase. Frå fjell til lågland.
Frå kvilepuls til bypuls. Frå ferie til kvardag. Denne sommaren har ho, som alle andre somrar i hennar 52 år lange liv, opphalde seg på ei hytte i Sunndalen. Fem veker i strekk utan
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Jeg sitter og ser rett på Trollveggen, Romsdalshorn, Vengetind den ene veien – og mot Loftskarstind og Klauva den andre veien. Det er en fin plass her på verandaen på Skorgedalsbu.
Fjell og Vidde 26.09.2026
Da DNT ble stiftet i 1868, hadde grunnlegger Thomas Heftye en klar visjon: å «gjøre det let og billigt, at riktig mange kan komme og se, hva der er stort og vakkert i vort land».
Fjell og Vidde 26.09.2026
Jeg kjenner dødsfrykten pumpe gjennom kroppen min, idet et nytt vindkast presser hardt mot meg og havkajakken.
Fjell og Vidde 26.09.2026
Overskriften til Aftenposten lyste mot meg en morgen i begynnelsen av september 2025: DNT skal stenge både stier og selvbetjeningstilbudet på de betjente hyttene.
Fjell og Vidde 26.09.2026
MAJA LUNDE (f. 1975) er en norsk forfatter kjent for blant annet romanen Bienes historie og barneboka Snøsøsteren.
Fjell og Vidde 26.09.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt