Khrono
09.11.2016
Ytringsfridom. Tillitsvalde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner at biletet om at det var dårlege vilkår for ulike meiningar under fusjonsdebatten stemmer dårleg overeins med den gjengse oppfatninga på høgskulen.
Dei siste vekene er det gjennom fleire innlegg i media formidla eit inntrykk av at Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har vore prega av låg takhøgd og mangel på fri meiningsbryting.
Les merTidleg i oktober hevda ein tilsett ved HiSF at det var dårlege vilkår for å hevde tvil eller støtte til fusjon då spørsmålet først var oppe hausten 2014. Utspelet vart nytta av redaktøren i Khrono som døme på at det generelt står dårleg til med ytringsf


































































































