Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.
Voss herad har ledig to fysioterapistillingar i ergo og fysioterapiavdelinga som er organisert under avdeling for førebygging og rehabilitering. Desse to stillingane vil i hovudsak være tilknytt kvardagsrehabilitering og rehabiliteringsavdelinga, men arbeidsoppgåver kan endrast etter behov. Deler av stillinga kan bli gitt til intern oppauke for terapeutar som går deltid. Det er ynskjeleg at du skriv i søknadsteksten om du yn