AddToAny

Er økonomistudentar rusta for ei berekraftig framtid?

Magma Utgave 5 2021 Kiruththika Panchalingam, masterstudent ved NHH, medlem av Econa sitt studentutval FOTO: Julie Hrncirova
Er økonomistudentar rusta for ei berekraftig framtid?

Denne sommaren har eg prøvd å ta eit djupdykk i temaet berekraft og klima, og visst er det omfattande. Eg har lest IPCC sin klimarapport, kor dagens situasjon blir skildra som kode rød for menneskeslekta, samstundes som vi var vitne til at delar av Europa vart tatt av flaum, mens andre brann ned. No sit eg igjen med spørsmål om kvifor vi ikkje lærer meir om berekraft og klima i utdanninga, når det er kunnskap vi som framtidas leiarar treng?

Kor er berekraftsfaga?

Kunnskapen om berekraft, klima og miljø er stort sett fråverande frå ein økonomistudent sitt pensum. I haust byrja eg på mastergraden min og fekk moglegheita til å velje mellom eit bredt spekter med profilar og fag. Uansett kva for ein veg eg valde å gå, var det krav om studiepoeng frå både etikk og metode. Kvifor er det ikkje krav på kunnskap om berekraft? Sjølv om vi får tilbodet om å ta fleire fag og seminar direkte knyta opp mot miljø, opplever eg det som at fleirtalet lar vere. Også gjennom bachelorstudiet i økonomi og administrasjon var berekraft ein beskjeden del av studieløpet, både som spesifikke fag og som ein integrert del av kunnskapsmåla. Sjølv om såkalla ESAB-fag (etikk, samfunnsansvar og berekraft) sidan 2018 har vore ein obligatorisk del av bachelorstudia, er det opp til institusjonane sjølve å innlemme dei i læreplanane og bestemme kva for ein grad berekraft skal utgjere. Då eg starta på bachelorstudiet, hadde vi eit kapittel om CSR - men berekraft er jo så mykje meir enn dét. No håpar eg at dei to neste åra kan gi både meg og medstudentane mine nok kunnskap om berekraft, slik at vi er rusta for framtida.

Samtidig, når eg ytrar mi uro rundt klima og framtida, kan det av og til opplevast som eg er den einaste. Eg likar å tru at eg og du bryr oss om miljøet, men forbruket vårt viser noko anna. Bruk-og-kast-mentaliteten vår er som ein stygg uvane vi ikkje blir kvitt. Visste du at vi faktiske er ein av dei verste på det feltet? Nyleg snakket eg med ei venninne og spurte kven ho trudde brydde seg mest om klimasaka - vi eller dei eldre generasjonane? Det måtte no vere oss, vi har jo blant anna Greta Thunberg og Penelope Lea, meinte ho. Men bildet er nok meir nyansert. Sjølv om eg har vennar som hyllar bønnetaco framfor den tradisjonelle fredagstacoen, har eg igjen andre som gir meg eit undrande blikk dersom eg vurderer vegetaralternativet på menyen. I min krets ser eg stadig vennar som postar kjøpa frå den siste shoppingturen sin, mens pappa går i ei skjorte frå 2009. Har ikkje medstudentane mine fått med seg at vi står i ei klimakrise?

Berekraft på veg inn i næringslivet

Eg meiner det er viktig at studentar i dag og i framtida lærer meir om berekraft og korleis dette er kopla til næringslivet. Klimarapporten frå IPCC peikar på at vi er nøydt til å gjere store endringar i utslippsmønsteret vårt raskt. Eg meiner difor at det er avgjerande at vi som skal bli dei framtidige leiarane, lærer korleis vi skal implementere berekraft i arbeidet vårt. I staden for å eine og åleine fokusere på profitt, må vi auke kunnskapen vi har om den langsiktige gevinst for alle interessentar i å fokusere på people, profit og planet. I dag er det fleire selskap som integrerer berekraft i forretningsstrategien sin og set konkrete mål for berekraftsarbeidet sitt. I tillegg definerer fleire av dei KPI-ar knytt opp mot berekraft. Dette er eigenskapar og kunnskap vi studentar må lære oss på skolen for å vere relevante i arbeidslivet.

Tre måtar studentar bør lære om berekraft på

Så korleis bør vi studentar lære om berekraft? For det første trur eg at å implementere berekraft i større grad i dei obligatoriske faga er essensielt for at fleire skal sjå korleis faget kan utnyttast i arbeidslivet. Næringslivet krev allereie at kunnskap om berekraft er ein kvalifikasjon i tradisjonelle økonomiroller som revisor, CFO, controller og konsulent. For det andre må vi auke kunnskapen vår om berekraft på relevante fagområde. Vi treng å lære konkrete arbeidsoppgåver vi kan bruke i arbeidslivet. Det kan eksempelvis vere korleis ein gjer ESG-rapportering eller klimaregnskap, kva EU sin Green Deal er, og korleis den kommer til å påverke norsk næringsliv, eller korleis ein utarbeidar KPI-ar basert på berekraftsmåla til FN. Sist, men ikkje minst, må vi lære korleis berekraft påverkar tradisjonelle former for næringsliv og bedrifter. Ein forretningsmodell i dag kan ikkje la vere å sjå på people og planet ; den bør vere sirkulær, ta omsyn til sine eigne negative eksternalitetar og knytte verdikjeda opp mot konkrete berekraftsmål.

For meg er det difor heilt sjølvsagt kvifor vi studentar må lære meir om berekraft på studia. Når eg skal ut i jobb, vil kunnskap om berekraft, klima og miljø vere ein føresetnad for mange tradisjonelle økonomijobbar. Næringslivet har allereie forstått at dei må gjera sitt for å løyse klimautfordringane vi står ovanfor - og da må vi som økonomar ha den kunnskapen dei etterspør. Eg gleder meg til å vere med på å jobbe for det grøne skiftet, for ein sirkulær økonomi, for at Noreg sitt næringsliv skal vere i førarsetet for ei berekraftig utvikling, og for at vi skal nå klimamåla verda har blitt einig om. Men då treng eg, og tusenvis av andre økonomistudentar, at utdanninga vår rustar oss for arbeidslivet vi snart skal inn i.

Bla deg gjennom hele Magma nr. 5

Visste du at Econa er med i disse nettverkene?

UN Global Compact

Skift

Image-text:

Foto:

Kiruththika Panchalingam: Masterstudent ved NHH, medlem av Econa sitt studentutval

Foto: Julie Hrncirova

Gå til mediet

Flere saker fra Magma

Magma 28.02.2024
Det er det store spørsmålet etter rapporten fra Klimautvalget 2050. Utvalget anbefaler full stans i leting etter olje og gass i nye områder. Men det blir ikke dagens regjering som vedtar en solnedgangsmelding for norsk petroleumssektor.
Magma 28.02.2024
Vinylplatene har for lengst gjenvunnet hylleplass i stua hos musikkelskerne. Nå er også CD-platene på vei tilbake inn i varmen, takket være Christer Falck og hans folkefinansiering.
Magma 28.02.2024
Digitaliseringen i offentlig sektor fører ofte med seg store IT-systemer som utvikles og driftes av mange team, ofte ved å benytte smidige utviklingsmetoder. I slike storskala settinger er god koordinering avgjørende på grunn av avhengigheter mellom teamene som kan senke farten og kvaliteten på leveransene.
Magma 28.02.2024
I dag gjennomføres stadig mer av IT-utviklingen i offentlig sektor ved hjelp av smidige (agile) metoder.
Magma 28.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt