Khrono
24.11.2016
Vestlandet. Interimsstyret for Høgskulen på Vestlandet (HVL) har i dag vedteke å tilby Berit Rokne stillinga som rektor, i ein åremålsperiode på fire år.
Berit Rokne (61) er i dag professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho var prorektor ved UiB frå 2009 til 2013, og var før det viserektor for utdanning same stad. Rokne har doktorgrad i sjukepleievitskap og var tilsett som studiedirektør ved Høgskolen i Bergen frå 1996 til 1999, skriv PåHøyden.
Les mer- Vi er veldig nøgde med at vi no har rektor for den nye institusjonen på plass, og er viss på at Berit Rokne har dei beste føresetnadar for å ta tak i arbeidet med å byggje den nye institusjonen, seier styreleiar Arvid Hallén, i ein pressemelding frå høgskulen. Han legg til at styret hadde ei gruppe svært sterke kandidatar att i innspurten fram mot styremøtet, og at det har vore ein god og grundigprosess.
Firefinalistar
Interimstyret behandla saken i dag, og lukka møtet klokken 10.30, og fyrst klokken 15.15 var beslutningaklar.
På Høyden skriv og at i


































































































