Finansfokus
06.10.2026
Sopp tyt fram under kvart tre og tue når ein først har fått soppblikket på. Det har gjengen som finkjemmer skogbotn i Rogaland Arboret.
Med korg på armen og kniv for handa, gyv dei laus på det meste som ser ut som sopp, for nå skal dei ut av kantarellens komfortsone.
SANDNES: Dei har meldt seg på kurs i regi av Finansforbundet, og saumfer med stor iver soppane dei finn, for å testa om dei hugsar det soppsakkunnig og soppkontrollør Hilde Marie Dybing Johnsen frå Jærsoppen prenta inn i dei før ho sende kursdeltakarane til skogs for å finna sine eigne soppar.
Sopp er ikkje berre kantarell For soppar kjem i alle slags variantar; trygge og velsmakande, heilt greie å ete, ikkje så gode å eta, litt giftige, middels giftige og enormt giftige. Er dette ei riske? Er dette ein skivesopp? Sjå der er østerssoppen som smakar som bacon.
Sopp etter sopp blir trekt opp frå jorda
Gå til medietSANDNES: Dei har meldt seg på kurs i regi av Finansforbundet, og saumfer med stor iver soppane dei finn, for å testa om dei hugsar det soppsakkunnig og soppkontrollør Hilde Marie Dybing Johnsen frå Jærsoppen prenta inn i dei før ho sende kursdeltakarane til skogs for å finna sine eigne soppar.