Vil styrkja Bergen og Språkrådet
Den første tilrådinga deira går altså ut på at eit forskingssenter for norsk språk vert bygd opp ved Universitetet i Bergen, som ei styrking av det eksisterande fagmiljøet knytt til Språksamlingane med Termportalen og ordboksarbeidet.
Det andre tilrådinga handlar om at det vert oppretta ein eigen seksjon for forsking og utvikling i Språkrådet. Den skal ha ansvar for og ressursar til å samordna, koordinera og gjera kunnskapen på feltet tilgjengeleg, men også til å driva overvaking, kartlegging og dokumentasjon av bruken av norsk i ulike samfunnssektorar.
Tildeler Forskingsrådet ei viktig rolle
Den tredje tilrådinga dreiar seg om Forskingsrådets rolle. Forsking på norsk språk, særleg i skjeringspunktet med teknologi og jus, vert prioritert i programporteføljen til Forskingsrådet. Meininga er at forskinga skal finansierast av fleire departement i fellesskap.
All denne forskinga skal ikkje gå føre seg på Universitetet i Bergen, men gjennomførast også av forskingsmiljø med ulik kompetanse ved andre UH-institusjonar, instituttsektoren og i n�


































































































