AddToAny

Finn-Eirik Johansen vil avgrensa makta til fakultetsstyra ved vitskaplege tilsetjingar

Styremedlem Finn-Eirik Johansen bad Universitetsstyret om å endra eit punkt som i dag gir fakultetsstyra stor påverknad i vitskaplege tilsetjingar på institutta.
- Om dekanane får siste ordet, så trur eg det er noko mange av dei vil takka ja til, sa han. Forslaget kjem opp til ny behandling 20. juni,

Ei av dei sakene som engasjerte mest i Universitetstyret denne veka, var diskusjonen rundt moglege endringar i regelverket for vitskapleg rekruttering og forskarvurdering. Blant saksdokumenta var det eit forslag til reglar for tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Dei strekkjer seg frå utlysing til innkalling til intervju, frå behandling i sakkyndig komité til rangering av kandidatar og til kva organ som har ansvaret for endeleg tilsetjing.

Eit rammeverk for utlysing av vitskaplege stillingar

Utgangspunktet for debatten var to rapportar frå to arbeidsgrupper. Den eine har sett på vitskapleg rekruttering medan den andre har sett på forskarvurdering. Den siste gruppa kjem mellom anna med fylgjande forslag:

Kompetansevurderingsmatrisen UiO-KVM vert nytta som rammeverk for utlysing av alle vitskaplege stillingar ved UiO og vurdering av kandidatar til desse stillingane. UiO-KVM skal også nyttast som grunnlag for utarbeiding av kompetansekrav for opprykk frå førsteamanuensis til professor. Arbeidet skal koordinerast med nasjonale komitear i dei fagområda dette blir nytta.

To arbeidsgrupper med få skilnader

Arbeidsgruppa for rekruttering og arbeidsgruppa for forskarvurdering har i stor grad kome fram til det same, men arbeidsgruppa for rekruttering har formulert kompetanseområde på ein litt annan måte enn arbeidsgruppa for forskarvurdering, går det fram av bakgrunnsdokumenta.

Dei viktigaste skilnadane er at arbeidsgruppa har lagt til ein kategori for personlege kvalifikasjonar. Denne arbeidsgruppa har også samla forskingsresultat og forskingsprosess i ein kategori, vitskapleg kompetanse. Dessutan brukar denne gruppa omgrepet «kunnskap i bruk» i staden for samfunnsbidrag.

Ifylgje saksdokumenta inneber dette heller små skilnader. Arbeidsgruppa for rekruttering har sett på kompetanseprofil knytt til rekruttering til vitskaplege stillingar, medan arbeidsgruppa for forskarvurdering har hatt eit «et bredere formål i tankene», står det i saksdokumenta.

Eitt av måla med dette arbeidet har vore å sikra at krava som vert stilte i EUs Charter and Code for vitskaplege stillingar om oversiktlege, opne, rettferdige og internasjonalt aksepterte ordningar for rekruttering framleis skal ivaretakast i UiOs rekrutteringsarbeid, går det fram av bakgrunnsnotatet.

Universitetsstyret blir bede om å vedta føreslegne reglar for tilsetjing og opprykk i professor- og førsteamanuensisstillingar med tilhøyrande rettleiar for medlemar av sakkyndig komité.

I HEL: - Det er kjempeviktig at det kjem nokre føringar, slik at ein ikkje dokumenterer seg sjølv i hel, meinte Anniken Hotvedt Sundby, representant for dei mellombels vitskaplege tilsette. (Foto: Ola Gamst Sæther)

- Det er kjempeviktig at det kjem nokre føringar

I diskusjonen i Universitetssty

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt