Første steg
01.10.2021
Tre faktorar avgjer om foreldre med flyktningbakgrunn blir anerkjende som bidragsytarar i barnehagen: språk, kjemi med personalet og om dei forstår dei sosiale kodane.
I denne artikkelen gir eg eit innblikk i resultat frå ein studie i mi doktorgradsavhandling som har undersøkt korleis personalet arbeider med anerkjenning av foreldre med flyktningbakgrunn som viktige bidragsytarar i barnehagen. «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling», står det i formålsparagr fen for barnehagar (barnehagelova, 2018, § 1). Dette viser rolla foreldre og føresette har som viktige bidragsytarar i barnehagen. Gjennom ein kvalitativ forskingsstudie har eg undersøkt barnehagen si rolle for å sikre dette for ei gruppe foreldre. Eg spør: Korleis kan personalet sikre at foreldre med flyktningbakgrunn blir anerkjende som viktige bidragsytarar i barnehagen?
METODE
Eg tek utgangspunkt i dagbøker som assistentar og pedagogiske leiarar i to barnehagar har skrive om sine daglege møter med foreldre med flyktningbakgrunn (heretter referert til som foreldre) ved levering og henting av barn. Eg tek også utgangspunkt i observasjonar av dei same situasjonane, og intervju med det same personalet. Eg legg vekt på tre kriterium foreldra såg ut til å måtte oppnå for å bli anerkjende som viktige bidragsytarar.
UJAMNE MAKTFORHOLD
Menneske er fødd inn i bestemte sosiale strukturar som kallast habitus (Bourdieu, 1997). Habitus påverkar våre perspektiv, tankar og handlingar. Utdanningssystemet er ofte gjennomsyra av den dominante gruppa sin habitus, noko som kan vere med på å reprodusere ulikskapar heller enn å jamne dei ut. Cummins (2009) hevdar at lærarar, i denne samanhengen barnehagepersonalet, alltid har eit val i korleis dei handterer interaksjonar med andre, og då særleg interaksjonar med menneske frå ikkje-dominante grupper, i denne samanhengen foreldre med flyktningbakgrunn. Det første steget for å utfordre potensielle ujamne mak
Gå til medietMETODE