Første steg
08.03.2024
Vi kan ikkje slutte å fortelje om konsekvensane av låg bemanning sjølv om vi ønskjer å skape eit positivt omdømme av barnehagen.
Stadige artiklar om bemannings- og rekrutteringskrise har fått nokre til å gå langt i å antyde at barnehagetilsette og deira fagforeiningar kan takke seg sjølve for låge søkjartal og flukt frå yrket. Kan vi ikkje heller fremje dei positive sidene? Klart vi kan! Barnehagen er ein fantastisk arbeidsplass. Det er eit variert og spennande yrke. Fine ord kan bidra til positivt omdømme, men det er ikkje nok til å gje oss ein betre arbeidskvardag. Det er heller ikkje nok til å halde tilsette friske eller få fo
Gå til mediet