AddToAny

Å forstå vilkår for sosialt arbeid med utgangspunkt i eigen posisjon og praksis. Ei lita bok om store spørsmål

Å forstå vilkår for sosialt arbeid med utgangspunkt i eigen posisjon og praksis. Ei lita bok om store spørsmål
Tittelen på boka, Krysspress - dilemmaer i sosialt arbeid i velferdsstaten,
peiker mot erfaringar der sosialarbeidarar har opplevd motsetningar mellom faglege ideal og praktiske realitetar i yrkesutøvinga si. Forhold som blir tematisert, er kva ein sjølv kan påverke, og kva som ligg utanfor handlingsrommet ein har. Og meir direkte: Kva makt og ansvar har sosialarbeidarar i konkrete situasjonar, og korleis reflekterer dei rundt avvegingar kring ulike omsyn og moglege konsekvensar knytt til handlingar i arbeidet sitt?
Forfattarane Signe Ylvisaker, sosionom og førstelektor i sosialt arbeid, og Marianne Rugkåsa, sosialantropolog og professor i sosialt arbeid, vil stimulere til auka medvit om korleis institusjonelle og organisatoriske vilkår påverkar praksis i sosialt arbeid, og dermed sosialarbeidaren si samhandling med klientar. Det substansielle og empiriske omdreiingspunktet for boka er forteljingar frå praksis, gjennom eit utval av tekstar skrivne av sosialarbeidarar som deltok i vidareutdanninga «Barnevern i et minoritetsperspektiv» ved Oslo-Met (2012-2017). Tekstane er frå innleverte oppgåver, der studentane skulle arbeide med ei utfordrande praksiserfaring dei sjølv hadde stått i. Nærmare rammer for oppgåva blei gitt, mellom anna måtte majoritets-/minoritetsrelasjon vere med som ein dimensjon, samt bruk av kritisk refleksjon, særleg for å utforske kompleksitet og avdekke maktutøving. Studentane var i hovudsak erfarne sosi-
BOKA HAR ei tredeling. I første del inngår bakgrunnen for boka, og det blir gjort greie for metodisk framgangsmåte i utveljing av tekstar, frå totalt 102 til dei 15 som er med. At sosialarbeidarane gjorde tydeleg greie for erfaringar som omhandla dilemma, der makt og avmakt, kryssande lojalitetar og lojalitetskonfliktar var gjennomgåande tema, var eit premiss for utval og analyse av forteljingar. Tekstane som blir brukt i boka, er reviderte av forfattarane, men lest og godkjend av sosialarbeidarane som opphavleg skreiv dei.
Innleiingsvis blir det også nemnt teoretiske perspektiv som problematiserer sosialarbeidarrolla i spenn mellom hjelp og kontroll, mellom å ivareta den enkelte og iverksette overordna politiske mål. Det blir vist til at politikken har målsettingar som kan vere vage og motsetningsfylte, samtidig som sosialarbeidarane er i posisjonar der dei forvaltar ressursar som menneske i sårbare situasjonar har behov for. Dette koplast til at sosialarbeidarar i aukande grad erfarer utilstrekkelege rammevilkår i arbeidet, og at mange uttrykker maktløyse og avmakt, heller enn å erkjenne makt. Element i ei slik utvikling kan, ifølge forfattarane, sporast til nylib
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Fontene forskning

Liv Altmann og Kari Paulsrud (2023). Taushetsplikt i tverrfaglig samarbeid. Retten til å dele opplysninger i arbeid med barn og unge. Gyldendal Akademisk.
Fontene forskning 12.12.2024
Artikkelen utforsker oppsøkende sosialarbeideres kontakt med marginaliserte unge, og er basert på materiale samlet inn gjennom fokusgruppeintervjuer med åtte deltagere.
Fontene forskning 12.12.2024
Fontene forskning 12.12.2024
Med utgangspunkt i et datamateriale fra åtte fokusgruppeintervjuer med ansatte i barnevernstjenesten, undersøker vi i denne artikkelen hvordan faglig skjønn kommer til uttrykk når de skal vurdere samvær mellom barn og foreldre etter omsorgsovertakelse. Utgangspunktet for diskusjonene i fokusgruppene var en vignett som var utviklet av forskningsgruppen.
Fontene forskning 12.12.2024
Fontene forskning 12.12.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt