- Mange måtar å bli professor på
- Å bli professor er å byggja noko og å skapa noko. Det å koma med eit bidrag. Men det som du bestemmer deg for å byggja opp og innhaldet i det akademiske bidraget du kjem med, vil vera av svært ulik art, varsla han dei om.
- Uansett finst det mange måtar å bli professor på. Me tenkjer oss ofte at du skal vera leiar for eit forskingsprosjekt og at du skal søkja om ekstern finansiering, men det er viktig at du ser lenger enn det når det gjeld kva ein professor er og korleis du kan bli professor, sa han til postdoktorane på medisin.
- Du kan sjølvsagt bli leiar for eit forskingsprosjekt, men du kan også bli professor ved primært å satsa på ein akademisk karriere som undervisar. Han understreka at før hadde forsking høgare status enn undervisning, men at dette no er dette i ferd med å endra seg.
- For du kan også bli professor gjennom at du har grunnlagt akademiske studieprogram. Og det er også mogleg å bli professor gjennom å utvikla nye metodar, idear eller oppfinningar i fagfeltet ditt, var også råda han kom med.
Rekordoppmøte
Etter den første timen med digital undervisning i korleis du kan bli professor, hadde me eit digitalt møte med Eivind Engrebretsen og dei andre leiarane av postdoktorkurset på medisin, forskar Gina Fraas Henrichsen på helsevitskapleg utdanningssenter og seksjonssjef Maria Olofsson i forskingsadministrasjonen.
Dei er glade for at dei har klart å få