No kallar Åse Gornitzka, UiOs viserektor for forsking og internasjonalisering inn til eit første møte i Forum for forskingsetikk - eit nyoppretta forum som er meint å vera ein møteplass for UiOs tilsette til å samtala om forskingsetiske spørsmål.
- Dette første møtet skal handla om meir enn brot på forskingsetiske normer og det usannferdige i forskinga. Også forskingsintegritet skal takast opp på møtet, fortel Åse Gornitzka til Uniforum.
- Institusjonane har ansvaret for forskingsetikken
Ho viser til at det var under møte med forskingsdekanane at forslaget om å etablera eit eige forum for forskingsetikk kom opp. Det skal vera ein del av det større forskingsetiske arbeidet ved UiO. Det første møtet i forumet er organisert av Det odontologiske fakultetet ved forskingsdekan Linda Bergersen.
- Korleis kan me røkta forskingsetiske normer for å få gode fagmiljø og arbeidsmiljø i eit forskingslandskap som er i endring? Standardar for god forsking har me snakka mykje om. Forskingsinstitusjonane har ansvare