For doktorstudent Seid Mussa Ahmed frå Etiopia slo koronakrisa hardt ut. For på grunn av tiltaka mot koronaviruset i Noreg, måtte han forlata stipendiatkontoret sitt på Det medisinske fakultetet på UiO, samtidig som han også mista deltidsjobbane som gav han ei ekstrainntekt i tillegg til stipendet på 10 000 kroner i månaden.
- Utfordrande
-Så når eg og familien har betalt husleiga til SiO på 7352 kroner, vil eg ha 2648 kroner igjen å leva av, fortel han til Uniforum. Og heime i familiehusværet til SiO får han heller ikkje den roa han treng for å kunne konsentrera seg om å skriva på doktoravhandlinga. - Barnehagen er stengt, så dottera mi må vera heime hos meg og kona mi heile dagen. Det er svært utfordrande synest han.
Seid Mussa Ahmed fryktar no at tidsplanen hans vil ryka.
- Det er mykje mindre effektivt å jobba heimanfrå. Før koronakrisa arbeidde eg hardt og planla å ha avhandlinga mi klar til sommaren. No er eg uroleg og trur eg kan koma langt bak planen. Og uvissa, frykta for infeksjonen, sosial isoler