AddToAny

Eit nyttig bidrag om brukarmedverknad i forsking

Kva er brukarmedverknad i forsking og kva inneber det? Nasjonale og internasjonale myndigheiter stiller krav om brukarmedverknad og det er satsingsområde i kunnskapsproduksjon.
Kva inneber omgrepet medverknad, kven er brukarar, kva kan utfordringar og dilemma med brukarmedverknad i forsking vere?

Ole Petter Askheim, Inger Marie Lid og Sigrid Østensjø er redaktørar av boka S amproduksjon i forskning. Forsking med nye aktører. I boka sine 13 kapittel får vi både avklaringar og refleksjonar kring sentrale omgrep relatert til samproduksjon og brukarmedverknad i forskning, samt erfaringar med samproduksjon i konkrete prosjekt der forskarar, brukararar og praksisfelt har samarbeida. Gjennomgangstema i boka er forsking med nye aktører. Eg meiner det er fint å få eksempel på forskingsprosjekt og i tillegg få innsikt i både bakgrunn for krav om brukarmedverknad i forsking, eksempel på former for samarbeidsforsking og refleksjonar om samarbeidsprosessar.

Myndigheiter stiller auka krav til at brukargrupper det vert forska på, skal anten ta del i forskinga eller brukarane skal ha innflytelse. Forfattarane har med boka Samproduksjon i forskning fått fram historia bak, hensikta med og former for brukarmedverknad. Det kan synast som om tilnærminga til utvikling av kven som produserer «sann» kunnskap har ei konsensusorientert haldning og haldning til at «den veit best den som kjenner kvar skoen trykkjer».

«SAMPRODUKSJON» ER overskrifta for antologien. Omgrepet omfatta både samarbeidet, prosessen og resultata. I sju artiklar får vi presentert prosjekt med ulike metodar for samarbeidsforsking, med ulike aktørar. Hovudsakleg kan former for brukarmedverknad kategoriserast under to overskrifter. Den eine er Konsultasjon. Her er brukarane inviterte inn for å gje råd og innspel til bestemte tema. Den andre overskrifta er integrert samarbeid. Her skal samarbeidsforma sikre at kunnskapen som vert produsert, skal skje i eit samarbeid med ulike aktørar sine perspektiv og erfaringar. Kapittel 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 11 formidlar erfaringar frå prosjekt der brukarar deltek som forskarar eller medforskarar, samt grad av involvering. Artiklane gjev kvar for seg interessant og nyttig kunnskap om både bestemte forskingstema og om forskingsprosessane. Antologien sine resterande kapittel belyser bakgrunn og tyding av samproduksjon, etiske utfordringar og etiske refleksjonar om brukarmedverknad i forsking.

Kven er brukar, kva er brukarmedverknad og samproduksjon er spørsmål som forfattarane av boka tek opp. I artiklane som vert presentert får vi ulike avklaringar når det gjeld kven som er brukarar og eksempel på korleis brukarane vert involverte i samproduksjon.

GENERELT OM BOKA forstår eg at i argumentasjonen for å trekke inn personar med brukarerfaring i forsking vert blant anna mangfald av perspektiv nemnt som viktig.

Personar som har erfaring som brukar av teneste, har rett til å medverke om forhold som kan skape forståing og forbetring. Dette gjeld både i individuell recoveryprosess, marginaliserte grupper sin kollektive «kamp» mot diskriminering og undertrykking (s.17) og i forsking som skal gje betre kvalitet på tenester som skal kome brukarane til gode.

Boka syner at det er eit mangfald av metodar for brukarmedverknad i forsking. Ulike metodar for samproduksjon, genererer ulike data. Forskingssirkel er ei samarbeidsform der brukarar og/eller praktikarar og forskarar saman har valt tema og systematisk fordjupar seg i dette. Arbeidsseminar og dialogseminar er ei form som kan nyttast når forskar ynskjer innspel på eit bestemt tema. Analyse av tekst om brukargrupper sitt syn på kunnskapsproduksjon var ei form for medverknad og fokusgruppeintervju ei anna form. Brukarpanel er brukt som medverknadsform i eit av forskingsprosjekta i antologien. Deltakarane i panelet er støtte til forskarane og deltek i drøftingar gjennom heile forskingsperioden. Idealet om at brukarar er likeverdige aktørar i forsking skal legge til rette for at alle er aktivt med å utforma problemstilling, metode og generering av data.

MINE REFLEKSJONAR over tema i boka gjev meg auka bevisstheit om vesentlege element i framtidig forsking: Samarbeid på tvers av fag og sektorar kan føre til friksjonar i samarbeidet

Les mer

Flere saker fra Fontene forskning

Det finnes begrenset kunnskap om hvordan personer med autismespektertilstander (autisme) opplever sorg og tilpasser seg livet etter tap.
Fontene forskning 24.06.2026
Anmeldt av Lisbeth Thoresen Professor, Universitetet i Oslo, Det medisinske fakultet, Institutt for helse og samfunn, Avdeling for folkehelsevitenskap og tverrfaglig helsevitenskap lisbeth.
Fontene forskning 24.06.2026
Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Universitetet i Bergen, 2025: «Beyond adversity: Protective factors, health-related quality
Fontene forskning 24.06.2026
NTNU, 2026: «Når systemene møtes: Tverrsektorielt samarbeid om skolegangen til elever med tiltak fra barnevernet». siri.mordal@samforsk.no
Fontene forskning 24.06.2026
Det er utstrakt bruk av psykotrope legemidler ved utfordrende atferd hos personer med utviklingshemming, ofte uten tilstrekkelig utredning,
Fontene forskning 24.06.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt