Uniforum har kontakta administrerande direktør Camilla Stoltenberg ved Folkehelseinstituttet for å høyra korleis ho ser på at Helse- og omsorgsdepartementet har bede Folkehelseinstituttet om å vurdera å innlemma Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress. Ho viser først til at senteret og Folkehelseinstituttet har mykje til felles.
- Viss NKVTS skulle koma til oss, vil dei straks verta ein vesentleg del av Folkehelseinstituttet og setja eit klart preg på instituttet. Dei har høg kompetanse, stor kapasitet og eit viktig mandat, slår ho fast.
Har kompetanse som NKVTS ikkje har
Samtidig peikar ho på at Folkehelseinstituttet har kompetanse og kapasitet som NKVTS ikkje har i same grad eller som ikkje er ein del av mandatet til senteret.
- Det gjeld blant anna analyse av registerdata, gjennomføring av store og kompliserte befolkningsstudiar som MoBa (Den norske mor- og barnundersøkinga) og forvaltning av data og biobankar. Me har bygd opp forskingsadministrativ støtte som blir stadig viktigare når ein skal konkurrera om internasjonale forskingsmidlar i EU