Uniforum
25.01.2018
27 av verdas beste universitet driv samla meir forsking enn fleire av verdas største industrinasjonar, inkludert Storbritannia, Japan og Tyskland. Det viser nye tal frå Times Higher Education.
I GODT SELSKAP: Oxford University er mellom dei 27 eliteuniversiteta som til saman produserer fleire ferdige forskingsresultat enn fleire av dei største industrilanda.
Les merFoto: Ola Sæther
Det var på World Economic Forum i Davos, Times Higher Education i partnarskap med forlaget Elsevier kunne leggja fram tal som viser at dei 27 beste universiteta i verda samla driv meir forsking enn fleire av dei største industrilanda.
Ein rapport som Times Higher Education publiserte i dag, viser detaljert det store bidraget universiteta kjem med til den globale økonomien. Det er tal samla frå dei 27 eliteuniversiteta som deltar i World Economic Forum's Global University Leaders Forum (GULF) som er samla i rapporten.
Mellom medlemane i gruppa finst også 10 av dei beste universiteta på rangeringa over verdas beste universitet 2018. Mellom dei er