Tidsskrift for norsk psykologforening
04.09.2017
Eg helsar debatten om medikalisering velkomen. Her er ei bok som gir eit kunnskapsgrunnlag for ein slik debatt.
I 2015 skreiv fastlege og tidlegare leiar av Allmennlegeforeninga Gisle Roksund eit innlegg i Aftenposten der han kritiserte psykiatrien for å sjukeleggjere normal variasjon. Han blei raskt sett på plass av sjefen for psykologane, president Tor Levin Hofgaard, som tvert om hevda det var flott at folk no fekk lettare tilgang på hjelp for sine plager. I denne korte debatten var det skarpe innlegg i kommentarfelta, flest heia på psykologpresidenten. Kanskje hadde biletet vore meir nyansert om denne boka var komen? Og kvifor trengs den, spør redaktørane retorisk i innleiinga, og svarar mellom anna at det er fordi det ikkje tidlegare har kome ei bok som dette. Det er ikkje heilt rett. Arnulf Kolstad og Ragnfrid Kogstad redigerte i 2011 ein nordisk antologi om same tema. Den gikk nok under radaren. Føremålet, seier redaktørane Bondevik, Madsen og Solbrække, er nettopp å skape debatt om sjukeleggjering (medikalisering/psykologisering), og debatten mellom Roksund og Hofgaard er nemnt i to av dei ti kapitla.
EIT BULLDOZEROMGREP?
Denne meldaren helsar ein slik debatt velkomen. Likevel, dette er ikkje ei debattbok. Den er først og fremst ein akademisk antologi som gir kunnskapsbakgrunn for ein slik debatt. Og det trengs. «Medikalisering» har trass alt vore eit fagleg omgrep og eit forskingsfelt innanfor medisinsk sosiologi og samfunnsmedisin i mange tiår. Ein av redaktørane, psykologen Ole Jacob Madsen, gir eit breitt og grundig oversyn over dette, men med
Gå til medietEIT BULLDOZEROMGREP?