Medlemane i Universitetsstyret får også ei oppdatering av realiseringa av Livsvitskapsbygget. Også den delen av møtet vil skje bak stengde dører.
Klimafotavtrykket står sentralt i årsplanen
Den første saka som blir handsama under den opne delen av møtet er årsplanen for 2021-2023. Årsplanen er knytt tett saman med Strategi 2030 og av styrenotatet går det fram at tiltaksplanen har som mål å gjera UiO til ein føregangsinstitusjon for klimasmarte løysingar i Noreg. Eit anna mål er at UiO skal visa ein «signifikant» reduksjon i det totale klimafotavtrykket sitt.
UiO har også ambisjon om å leggja til rette for forskinga sitt bidrag til det grøne skiftet og for at utdanningane gir studentane kompetanse til å leia an i det grøne skiftet, går det fram av bakgrunnsnotatet. UiO skal også fremja uavhengig, banebrytande og landsiktig forsking. Internasjonalt skal UiO gå vidare i utviklinga med partarskapen i universitetsalliansen «The Guild», heiter det. For studentane har UiO som mål å utdanna dei med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei betre verd.
Skal vidareutvikla digitale kanalar
Når det gjeld verda utanfor Universitetet i Oslo, tar universitetet mål av seg til å styrkja dialogen med omverda og arbeida for at kunnskap skal takast i bruk. Innanfor dette temaet vert det også nemnt at UiO har behov for å vidareutvikla digitale kanalar som legg til rette for dia