AddToAny

UiO-styret: Føretaksmodellen vil ikkje auka autonomien vår

UiO-styret: Føretaksmodellen vil ikkje auka autonomien vår
Føretaksmodellen slik me kjenner den frå helsesektoren, vil ikkje auka autonomien vår, slår universitetsstyret ved UiO fast overfor Kunnskapsdepartementet.
EINIGE: Medlemane i universitetsstyret blei til slutt einige om at føretaksmodellen ikkje ville auka autonomien for UiO. Dermed landa styret på at mykje kan gjerast med dagens modell, der universiteta og høgskulane er statlege forvaltingsorgan med serskilde fullmakter. Det er bodskapen statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø får på bordet frå UiO denne veka.

Foto: Martin Toft

Denne veka gjekk fristen ut for å koma med innspel til mandat for utvalet forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø vil setja ned for å gå gjennom regelverket for universiteta og høgskulane.

Sjølv om det i denne omgang handlar om å få eit forenkla og meir oversiktleg regelverk, slapp ikkje universitetsstyret ved Universitetet i Oslo heilt tak i spørsmålet om tilknytingsforma for desse institusjonane.

Ikkje naudsynt å endra tilknytingsform

Trass i at det var tendens til ei viss usemje om styret skulle opna for at utvalet sjølv skulle vurdera ulike tilknytingsformer, mellom dei føretaksmodellen, har det endelege innspelet frå universitetstyret enda opp med ei formulering som held fast på dagens modell,der universiteta og høgskulane er statlege forvaltingsorgan med serskilde fullmakter.

Det blir understreka at mykje kan gjerast utan å endra tilknytingsform. «Vi ser ikke at en foretaksmodell slik vi kjenner den frå helsesektoren vil kunne møte våre utfordringer og øke vår institusjons de facto autonomi", står det i innspelet. Universitetsstyret gjentar også at det i den pågåande diskusjonen om føretaksmodellen er rett medisin for norske universitet, startar ein diskusjonen utan at diagnosen er stilt. «Det mener vi er uheldig», vert det understreka.

* Les i Uniforum: UiO-leiinga: Startar diskusjonen før diagnosen er st

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt