Klokka 17.00 i ettermiddag samla 50 demonstrantar seg framfor Stortinget for å protestera mot rasisme i politiet både i USA og i Noreg. Det er maksimumstalet på kor mange som kan samla seg på grunna av smittefaren frå koronaviruset. Andre personar dannar ein ring med minst ein meter avstand mellom kvar for å protestera mot rasismen.
Eit par timar før demonstrasjonen skulle begynna, tok Uniforum ein prat med Rahwa Tilahun Yohaness som er student i internasjonale studiar ved UiO og styremedlem i African Student Association ved UiO. Det er den organisasjonen som har tatt initiativet til dagens demonstrasjon. Då me kom, var ho i gang med å få på plass dei siste brikkene i logistikken før demonstrasjonen skulle haldast.
- Politiet treng ikkje kvittera for stans og kontroll
Rahwa Tilahun Yohaness viser til at også i Noreg har folk som er brune eller svarte opplevd dårleg behandling frå politiet.
- Det er mykje svart profilering og stopp og kontroll av politiet utan at dei treng å kvittera for det. Det skjer oftare med brune og svarte folk enn med andre. Dei blir